Hopp til hovedinnhold

Bli med på NU-helga 2025!Påmeldingen stenger midnatt torsdag 9. oktoberNU-helga 2025

Leir
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv

NORDRING 2026

Kulturutveksling for ungdom 18-25 år - bli med!

  • Skåne, Sverige
  • 2500,- danske kroner
Barn og ungdom som dansar

2.-6. april 2026 arrangerast NORDRING - ei nordisk kulturutveksling for ungdom i alderen 18-25 år. Denne gongen er samlinga lokalisert i Skåne i Sverige.

Frå kvart av dei nordiske landa og sjølvstyrte område kan det delta 4 folkedansarar og 2 -musikarar.

Ungdomane har sjølv ansvar for å lære kvarandre tradisjonar innan dans, musikk, song, organisasjonskunnskap og påsketradisjonar frå sitt eige land/organisasjon til dei andre deltakarane. Det nordiske språket står også i fokus.

NORDRING vert halde kvart tredje år, så det er ei unik moglegheit å få delta på denne utvekslinga i 2026.

Førebels program

  • Torsdag 2. april - Ankomst Hyllie ca kl. 15 - felles transport til Höllvikstrand Smörgåsfika
  • Fredag 3. april - 2 timars kurs for musikarar og dansarar
  • Laurdag 4. april - Utflukt til Foreviken
  • Måndag 6. april - Avslutning og heimreise, ankomst Hyllie ca. kl. 11

NORDRING skjer i Skåne i Sverige, nærare bestemt: EFS Höllviksstrand, Höllvikstrandsvägen 2, 23638 Höllviken, Sverige

På NORDRING får du mellom anna:

  • Kurs i spel og dans med instruktørar
  • Kurs i spel, song og dans der deltakarane sjølv er instruktører
  • Oppleve ulike påsketradisjonar, samt dele av din eigen tradisjon
  • Utflukt til Foteviken
  • Språkverkstad
  • Informasjon og diskusjon om organisering av folkemusikk og folkedans i Norden og i dei ulike landa
  • Møte andre ungdom i alderen 18-25 år som er like interessert i folkemusikk og folkedans som deg sjølv

Dette forventer vi av deg som deltakar under NORDRING:

  • Du skal kunne formidle og undervise i folkedans/folkemusikk og/eller folkeviser frå Noreg og din tradisjon
  • Du skal kunne fortelje om strukturen/organiseringa av din folkemusikk- og folkedansorganisasjon
  • Du skal formidle påsketradisjoner frå Noreg og ditt lokalmiljø

Påmelding/søknad om å delta

Sidan det berre er plass til seks personar frå kvart land/sjølvstyrt område må du søke om å delta i prosjektet. Alle norske deltakarar søker direkte til oss i Noregs Ungdomslag.

Søknadsfrist: 1. desember 2025.

Send inn søknad via dette skjema: https://forms.office.com/e/uSxwrCFWSt

Etter søknadsfristen (før juleferie) vil du få svar på om du får plass eller ikkje.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med oss på NU-kontoret.

Få ditt lokallag til å støtte deltakinga i NORDRING

Pris for å delta er 2500,- svenske kroner som dekkes av deltakaren sjølv. I tillegg kjem reisekostnader. Vi oppmoder sterkt lokallag og fylkeslag om å støtte deltakarar økonomisk for å reise - undersøk med ditt lokale lag om dei kan tenke seg å støtte deg.

Fleire arrangement

Sjå alle
Kurs

Lista Ungdomslag

Onsdagsdans på Nortun

Nordbygdveien 183, 4560 Vanse, Norway

  • Medlem i ungdomslag kr 20,- / Ikke medlem kr 50,-.
Kurs

Folkedanslaget Sølja

Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

Kurs

Folkedanslaget Sølja

Grunnkurs i gammeldans og folkedans

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).