- [object Object],
- [object Object]
Seminardag under Dans Dans Dans; med instruktøren i fokus
Med instruktøren i fokus!
31.januar 2026 inviterer FolkOrg og Noregs Ungdomslag til seminardag med instruktøren i fokus, i Oslo. Seminardagen finn stad i Teatersalen i Nynorskens Hus, BUL Oslo. Seminardagen er ein del av programmet til festivalen DANS DANS DANS.
Påmeldingsfrist 28.januar.
Tidsplan for dagen
10.00: Workshop: Korleis halde eit kræsjkurs i dans?
11.45: Lunsj
12.30: Seminar: Språk i folkedansen
16.00: Instruktørnettverk
- Teatersalen i Nynorskens Hus, Rosenkrantz’ gate 8, 0159 Oslo
- Gratis

Workshop: Korleis halde eit kræsjkurs i dans?

Det går ei dansebølge over landet, og FolkOrg ønskjer å bidra til at enda fleire får kjenne gleda av den sosiale dansen! Laurdag 31. januar inviterer vi difor til ein inspirerande workshop for deg som vil bli tryggare på å halde korte, engasjerande kræsjkurs i dans – anten du underviser erfarne dansarar eller heilt ferske nybyrjarar.
Seminar: Språk i folkedansen

Korleis kan vi best forklare dansen til nokon som ikkje er så kjent med språket?
Dansen i seg sjølv er jo språk. Kva skal ein då med ord og omgrep?
Finst det stammespråk innan dansen som ikkje alle forstår?
Instruktørnettverksmøte
Nettverksmøte for instruktørar innan dans. Det blir erfaringsdeling og refleksjon rundt eigen instruksjon og ulike pedagogiske grep ein kan gjere. Ope for alle interesserte.
Praktisk
Stad: Oslo (endeleg kursstad blir informert om snarleg)
Tid: Laurdag 31.januar kl.10.00 - 17.00
Pris: Gratis. Moglegheit for å kjøpe lunsj.
Du kan delta på heile eller delar av dagen.
Merk: Avgrensa tal plassar.
Programmet er ein del av folkedansfestivalen DANS DANS DANS.
Fleire arrangement
Sjå alle- Levande kulturarv
Kven Veit? 2026
Rogaland Ungdomslag
Storkurs
Rektor Oldens Gate 17, 4022 Stavanger, Norway
- 1800kr for kurs og mat. Overnatting i tillegg.
BUL Sarpsborg
Leikfest
Revyveien 2a, 1718 Greåker, Norway