2 millionar ekstra
Noregs Ungdomslag har fått over to millionar kroner i auka løyving til husarbeid i organisasjonen i 2025. - Dette er resultat av godt arbeid over mange år, seier styreleiar Tone Mjelde.

I løpet av 2025 har Noregs Ungdomslag fått tilsegn om over to millionar kroner knytta til arbeidet for organisasjonseigde og frivillig drivne kulturhus.

Tilskot frå Sogn og Fjordane
I juni fekk Noregs Ungdomslag ein million kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, til å etablere Huset i Bygda som eit nasjonalt kompetansetilbod for organisasjonseigde hus. Dei lagseigde ungdomshusa er for mange bygder det kulturelle og sosiale limet i samfunnet. Men husa driv seg ikkje sjølv, og mange har dessutan behov for både renovering, vedlikehald og universell utforming. Gåvemidlane er fordelte på 500 000 kroner i 2025 og det same beløpet i 2026.
– Vi er stolte over å få denne tilliten, sa generalsekretær Magni Hjertenes Flyum i samband med utdelinga i juni.

Høyring på Stortinget
I november deltok Generalsekretær Magni Hjertenes Flyum og styreleiar Tone Mjelde på høyring i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Der peika dei på at lokale kulturhuser avgjerande for levande og inkluderande lokalsamfunn. Noregs Ungdomslag bad om å auke driftstilskotet med ein million kroner, slik at blant anna rådgjevingstenesten Huset i Bygda kan kome fleire til gode. – dette handlar om berekraft i praksis, å ta vare på det vi allereie har, sa styreleiar Tone Mjelde i samband med høyringa.
Auka tilskot etter budsjettforhandlingar på Stortinget
Etter haustens stortingsval har november vore ei spanande tid med budsjettforhandlingar mellom partane i regjeringa. I desember blei regjeringa endeleg einige om eit statsbudsjett, og Noregs Ungdomslag fekk auka støtta med ein million kroner. Dette er eit resultat av det politiske arbeidet som blei lagt ned i løpet av hausten, der vi var til stades ved innspelsmøter vedrørande budsjettet. Det er også takka vere politikarar som ser og anerkjenner det viktige arbeidet vi gjer.
- Noregs Ungdomslag bidrar hver dag til å skape engasjement, aktivitet og fellesskap, og dette arbeidet har stor betydning både kulturelt og samfunnsmessig, skriv leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum til Noregs Ungdomslag.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026

