Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

Rapporten Tett, trygt og tilgjengeleg samanfattar 604 søknader frå 228 lag i perioden 2016–2025. Midlane er forvalta av Huset i Bygda og Sogn og Fjordane Ungdomslag, med rammegåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Pengane har mellom anna gått til nye tak, tette vindauge, tilgjengelege toalett og moderne kjøken. Til saman har laga sjølve lagt inn over 55 millionar kroner i dugnad og eigne midlar i prosjekta dei har søkt om.
– Når kvar krone vi gir blir til fire i bygda, veit vi at pengane hamnar der dei gjer mest nytte. Det er dugnadsfolket i laga som gjer jobben, og vi er glade for å kunne vere med og løfte, seier Yngve Thorsen, leiar gåve og samfunnskontakt, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Pengar og rådgjeving saman
Samarbeidet mellom sparebankstiftinga og Huset i Bygda er meir enn pengar.
– Denne løysinga gjer at gåvene kjem med kompetanse på kjøpet. Laga får hjelp til å planleggje og søkje, og det ser vi att i resultata, seier Thorsen.
Rapporten viser at den vanlegaste grunnen til avslag er budsjett som ikkje heng saman, ikkje at behovet er mindre. Laga får difor rettleiing undervegs, og der det trengst, lagar Huset i Bygda framdriftsplan saman med styret. Det har gitt resultat: 77 av 206 lag som fekk avslag, har seinare nådd opp.
– Dette samarbeidet er utan sidestykke i Noreg. Når gåver og rådgjeving går hand i hand, blir prosjekta gjennomførte. Det er ein modell resten av landet kan lære av, seier generalsekretær Magni Hjertenes Flyum i Noregs Ungdomslag.

Ny kulturarenastrategi
Rapporten viser òg at behovet er større enn nokon gong. Laga har søkt om 71 millionar kroner, og eit typisk prosjekt kostar i dag om lag dobbelt så mykje som for fem år sidan. Tak, vindauge og fasade går igjen i fire av ti søknader.
Noregs Ungdomslag brukar rapporten i innspelet sitt til den nasjonale kulturarenastrategien, som regjeringa arbeider med i haust. Strategien har som mål å styrkje kulturarenaene i heile landet, og at fleire skal få tilgang til gode lokale for kultur, frivilligheit og møteplassar, samstundes som eksisterande bygg blir tekne betre vare på og brukt meir.
– Erfaringane frå Sogn og Fjordane viser kva som verkar. Difor ber vi om ei nasjonal rådgjevingsteneste for frivillig drivne kulturhus, slik at lag i heile landet kan få same hjelp, seier Hjertenes Flyum.

Tilrådingar til kulturarenastrategien
Noregs Ungdomslag har sendt inn innspel til den nye kulturarenastrategien, og har laga ei liste over dei viktigaste tilrådinga til strategien.
- Etablere ei nasjonal og gratis rådgjevingsteneste for frivilligdrivne kulturbygg. Noregs Ungdomslag har gjennom Huset i Bygda bygd opp ei spesialisert rådgjevingsteneste for denne delen av kulturbyggfeltet, og kan ta på seg eit nasjonalt oppdrag dersom det blir sett av ressursar til dette.
- Sikre frivillig eigde kulturbygg betre tilgang til investeringsmidlar. Den desentraliserte ordninga for kulturbygg må styrkast, og ein større del av midlane må nå fram til frivillig eigde bygg. Det bør opprettast ein særskild del av ordninga for frivillige lag, eller på annan måte sikre at ein vesentleg større del av midlane går til desse bygga.
- Innføre momskompensasjon for nybygg, påbygg og ombygging av organisasjonseigde kulturbygg. Frivillig eigde kulturarenaer bør ha likeverdige rammevilkår med frivillig eigde idrettsanlegg.
- Sikre finansiering av universell utforming, energieffektivisering og nødvendig modernisering. Det må finnast verkemiddel som gjer det mogleg å bringe eksisterande kulturbygg opp på ein god grunnstandard.
- Styrke Kulturrom, slik at fleire kulturarenaer kan få midlar til eigna lokale, akustikk, lydisolasjon og nødvendig teknisk infrastruktur.
- Etablere felles nasjonale definisjonar og retningslinjer for kulturarenaer og offentlege støtteordningar, samstundes som det framleis er rom for regionale prioriteringar.
- Sikre nasjonal kartlegging og betre planlegging av kulturarenaer. Det må bli etablert ei nasjonal oversikt over kulturarenaer som gir stat, fylkeskommunar og kommunar eit betre kunnskapsgrunnlag for planlegging, prioritering og utvikling. Oversikta må omfatte frivillig eigde kulturbygg, og kommunane og fylkeskommunane må sjå desse som ein del av den lokale og regionale kulturinfrastrukturen og inkludere dei i planarbeidet.
- Sikre at husa blir del av den nasjonale beredskapen etter modell frå Bygdegårdarnas Riksförbund i Sverige.
Den nye kulturarenastrategien skal etter planen bli lansert i 2027, seier kulturministeren i ei pressemelding på regjeringas eigne nettsider.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Pressemelding: Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus styrker samarbeidet mellom aktørane som arbeider for gode lokale møteplassar over heile landet. Noregs Ungdomslag og SoCentral får saman ansvar for den daglege drifta ut prosjektperioden, og det vil bli prøvd ut ein meir formalisert struktur for styringsgruppa. Arbeidet er gjort mogleg av ei ny tildeling på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal nyttast til å vidareutvikle arenaen og mobilisere fleire samarbeidspartnarar og rammevilkårsetjarar. 22. september inviterer arenaen til sparringsverkstad under Kulturarenakonferansen i Oslo.
17. september 2026


Dans for born og ungdom på Ungdomshuset også i haust
Dans utan grenser Leikanger startar opp att med danseverkstad for born og ungdom på Leikanger ungdomshus 24. august 2026.
12. august 2026


Frivilligheita etterlyser større plass i kulturarvstrategien
Kvifor er ikkje det frivillige kulturvernet meir synleg i den nye strategien for immateriell kulturarv? Det spørsmålet stod i sentrum då Kulturvernforbundet, Noregs Ungdomslag og Norges Husflidslag inviterte til debatt under Arendalsuka. Debatten synte ei tydeleg usemje om kor stor plass frivilligheita har fått i strategiarbeidet.
10. august 2026

