Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 1. juliLes meir og meld deg på her

Politikk

Innspel til ny kulturarenastrategi (2026)

Det finst om lag 5 550 organisasjonseigde kulturbygg over heile landet. Dei fungerer som kulturarenaer, forsamlingslokale og sosiale knutepunkt i lokalsamfunna. Dei er eigd og drive av frivillige lag og organisasjonar. Mange er bygd og utvikla gjennom generasjonar med frivillig arbeid og lokal finansiering. Dei representerer store økonomiske og kulturelle verdiar, men mange av organisasjonane som eig dei har svært avgrensa økonomisk og administrativ kapasitet.

Noregs Ungdomslag meiner dette må vere eit sentralt utgangspunkt for kulturarenastrategien.

Noregs Ungdomslag (NU) er ein landsdekkande kulturorganisasjon med lokallag over heile landet. Gjennom Huset i Bygda har me i meir enn 15 år arbeidd med rådgjeving, kompetanseutvikling, nettverksbygging og politikkutvikling for frivillig eigde kulturbygg og møteplassar. Noregs Ungdomslag er òg akkreditert som NGO for UNESCO, som ekspertorganisasjon innan immateriell kulturarv.

Me er glade for at regjeringa vil lage ein nasjonal kulturarenastrategi. Kulturaktivitet føreset stader å møtast, øve, skape, arrangere og oppleve kultur. Skal me sikre eit levande kulturliv i heile landet, må me òg sikre infrastrukturen som kulturlivet er avhengig av.

Me støttar Kulturalliansens forslag til definisjon av kulturarenaer: Kulturarenaer er kulturlivets viktigaste infrastruktur. Ein kulturarena er ein fysisk stad som blir jamleg brukt til, eller er tilrettelagt for, å skape, øve, utøve, produsere, formidle, lære, oppleve eller delta i kultur- og kunstaktivitet.

Interesseorganisasjonen Norske Kulturhus har i dag 142 medlemsbygningar. Dette er i hovudsak konsert- og kulturhus med direkte kommunal tilknyting eller som mottar betydeleg kommunal støtte. Rundt kvar tredje norske kommune har et kulturhus som er organisert her. Til samanlikning finns det finst om lag 5 550 organisasjonseigde kulturbygg over heile landet. Dei fungerer som kulturarenaer, forsamlingslokale og sosiale knutepunkt i lokalsamfunna.

Det betyr at ein stor del av denne infrastrukturen er verken statleg eller kommunal. Den er eigd og drive av frivillige lag og organisasjonar. Mange er bygd og utvikla gjennom generasjonar med frivillig arbeid og lokal finansiering. Dei representerer store økonomiske og kulturelle verdiar, men mange av organisasjonane som eig dei har svært avgrensa økonomisk og administrativ kapasitet.

Noregs Ungdomslag meiner dette må vere eit sentralt utgangspunkt for kulturarenastrategien. Som vedlegg til innspelet ligg rapporten Tett, trygt og tilgjengeleg som samanfattar ti år med søknadar om bygningsmessige tilskot i Sogn og Fjordane.

Våre viktigaste tilrådingar

Noregs Ungdomslag meiner kulturarenastrategien bør:

  1. Etablere ei nasjonal og gratis rådgjevingsteneste for frivilligdrivne kulturbygg. Noregs Ungdomslag har gjennom Huset i Bygda bygd opp ei spesialisert rådgjevingsteneste for denne delen av kulturbyggfeltet, og kan ta på seg eit nasjonalt oppdrag dersom det blir sett av ressursar til dette.
  2. Sikre frivillig eigde kulturbygg betre tilgang til investeringsmidlar. Den desentraliserte ordninga for kulturbygg må styrkast, og ein større del av midlane må nå fram til frivillig eigde bygg. Det bør opprettast ein særskild del av ordninga for frivillige lag, eller på annan måte sikre at ein vesentleg større del av midlane går til desse bygga.
  3. Innføre momskompensasjon for nybygg, påbygg og ombygging av organisasjonseigde kulturbygg. Frivillig eigde kulturarenaer bør ha likeverdige rammevilkår med frivillig eigde idrettsanlegg.
  4. Sikre finansiering av universell utforming, energieffektivisering og nødvendig modernisering. Det må finnast verkemiddel som gjer det mogleg å bringe eksisterande kulturbygg opp på ein god grunnstandard.
  5. Styrke Kulturrom, slik at fleire kulturarenaer kan få midlar til eigna lokale, akustikk, lydisolasjon og nødvendig teknisk infrastruktur.
  6. Etablere felles nasjonale definisjonar og retningslinjer for kulturarenaer og offentlege støtteordningar, samstundes som det framleis er rom for regionale prioriteringar.
  7. Sikre nasjonal kartlegging og betre planlegging av kulturarenaer.Det må bli etablert ei nasjonal oversikt over kulturarenaer som gir stat, fylkeskommunar og kommunar eit betre kunnskapsgrunnlag for planlegging, prioritering og utvikling. Oversikta må omfatte frivillig eigde kulturbygg, og kommunane og fylkeskommunane må sjå desse som ein del av den lokale og regionale kulturinfrastrukturen og inkludere dei i planarbeidet.
  8. Sikre at husa blir del av den nasjonale beredskapen etter modell frå Bygdegårdarnas Riksförbund i Sverige.

Kunnskapsgrunnlag: Kva veit me om dei organisasjonseigde kulturbygga?

Dei organisasjonseigde og frivilligdrivne kulturbygga er meir enn trivelege lokale møteplassar. Dei er demokratisk infrastruktur, arenaer for lokal dialog, deltaking og medverknad. Dei er beredskapsressursar - rom som kan bli aktivisert i kriser - og dei er kultur- og fellesskapsbyggarar: kvardagsdemokratiets viktigaste møteplassar.

Ein strategi for kulturarenaer må bygge på kunnskap om kva arenaer som finst, kven som eig dei og kva føresetnader eigarane har. For den største gruppa kulturarenaer i Noreg mangla dette i dei offentlege oversiktene i dag. Gjennom Huset i Bygda har Noregs Ungdomslag bygd opp den einaste nasjonale oversikta over desse husa. Tala under bygger på husdatabasen og på eigne analysar.

Omfang

Dei organisasjonseigde kulturbygga utgjer den største og mest desentraliserte gruppa av kulturarenaer i Noreg. Per 16.9.2026 omfattar husdatabasen til Huset i Bygda 5 535 organisasjonseigde kulturbygg over heile landet. Dei er ungdomshus, grendehus, samfunnshus, bygdehus, nabolagshus, forsamlingshus og andre lokale møteplassar. Til samanlikning finst det om lag 2 400 skulebygg, 1 600 kyrkjebygg og 390 offentlege kulturhus; eit samla tal på 4 400 offentlege bygg som blir brukt til kulturaktivitetar.

Ser me til anleggsregisteret er det registrert 3 149 bygg som kulturhus, og berre 1 886 av dei er organisasjonseigde. Den offentlege oversikta fangar altså opp om lag ein tredel av husa. Kulturrom brukar sjølv tal frå Huset i Bygda i kunnskapsgrunnlaget sitt til Kulturdepartementet.

Bruk og samfunnsverdi

Husa legg til rette for eit enormt mangfald av aktivitet. Her blir det dansa, spelt teater og musikk, halde konsertar, øvingar, kurs, møte og arrangement. Samstundes er mange av husa fleirbruksarenaer som blir nytta til alt frå private markeringar til offentlege møte og aktivitetar for lag og foreiningar.

Tal frå 2024 viser i gjennomsnitt 2 073 besøk per hus. Dersom ein tek utgangspunkt i 5 000 hus i drift, svarar det til om lag 10,4 millionar besøk i året. Samstundes blir det lagt ned store mengder frivillig arbeid. Med eit gjennomsnitt på 380 dugnadstimar per hus snakkar me om nesten 1,9 millionar dugnadstimar årleg. Med ei forsiktig verdsetjing på 350 kroner per time representerer dette ein årleg dugnadsinnsats på mellom 650 og 700 millionar kroner.

Husa er samstundes relativt små. Gjennomsnittleg grunnflate er om lag 300 m². Det viser kor arealeffektive desse bygga er: På eit avgrensa areal rommar dei fleste minst éin sal med scene, i tillegg til kjøkken, toalett, møterom og andre nødvendige funksjonar. Mange av husa er bygde nettopp for å kunne nyttast fleksibelt til ei rekkje ulike aktivitetar, frå teater, dans og konsertar til møte, kurs, festar og lokale arrangement. Den kompakte storleiken har likevel sine utfordringar. Vi veit mellom anna at mangel på lagerplass er eit problem i mange hus, særleg for lag som skal oppbevare sceneteknisk utstyr, stolar og bord, kulissar, kostyme og anna utstyr knytt til aktivitetane. Når husa skal oppgraderast til dagens krav og behov, kan det òg vere krevjande å finne plass til nye tekniske installasjonar og betre universell utforming utan at det går ut over areala som blir brukte til aktivitet.

Kulturbygga er samstundes ein del av den demokratiske infrastrukturen vår. Dei er møteplassar der folk blir kjende med kvarandre, byggjer tillit og lærer å delta i fellesskapet. Dette er kulturinfrastruktur som i stor grad blir finansiert, vedlikehalden og driven av lokalsamfunna sjølve.

I ei krise kan dei òg vere viktige arenaer for informasjon, organisering, samling og aktivitet. Når me tek vare på dei frivilligdrivne husa styrkjer den sosiale beredskapen, fellesskapen og demokratiforståinga i lokalsamfunna. Beredskap handlar ikkje berre om kva me har i skapet når krisa kjem. Det handlar om kva hus, menneske, kompetanse og nettverk me har bygd opp før krisa kjem.

Stor samfunnsverdi, men svak økonomisk bereevne

Det er viktig å skilje mellom økonomisk aktivitet og økonomisk bereevne. Eit frivilligdrive kulturbygg kan ha betydeleg omsetning gjennom utleige, arrangement, tilskot, gåver og anna aktivitet utan at organisasjonen sit att med særleg økonomisk handlingsrom.

Men når taket må skiftast, toaletta må byggjast om, bygget må brannsikrast eller det må investerast i energieffektivisering og universell utforming, har mange av laga svært lite eigenkapital å ta av. Rapporten Tett, trygt og tilgjengeleg stadfestar dette. Av 604 søknadar i Sogn og Fjordane 2016–2025 gjaldt fire av ti søknadar om tak, vindauge eller fasade. Eit typisk prosjekt kostar i dag om lag dobbelt så mykje som for fem år sidan.

Det samla, forsiktig estimerte minimumsbehovet for vedlikehald i dei organisasjonseigde kulturbygga er på om lag 2,3 milliardar kroner. Energieffektivisering, universell utforming og større utviklingsprosjekt kjem i tillegg.

Noregs Ungdomslag har studert driftsrekneskapen til 137 av sine lokallag. Desse er samanlikna med tal frå Sparebankstiftinga SMN si temaordning for kulturhus for 2026. Totalt omfattar studien 269 hus. Studien viser at laga i 2025 i snitt hadde 475 000,- i driftsinntekter, mens driftskostnadane i snitt er på 425 000,- Det er grunn til å tru at desse tala er representative på landsbasis.

Samla omsetning er då på om lag 2,4 milliardar kroner. Dette er inntekter som går tilbake til huset og lokalsamfunnet gjennom straum, forsikring, vedlikehald, reinhald, brøyting og kjøp av varer og tenester. Husa bidreg dermed også til betydeleg lokal verdiskaping og aktivitet for lokale handverkarar og andre verksemder.

Samtidig viser tala at gjennomsnittleg overskot er berre på 48 000,- Dette betyr at utan gåver og ulike kompensasjonsordningar ville dei fleste laga enten gått i null eller med underskot og ikkje har midlar dei kan sette av til framtidige investeringar.

Det er eit paradoks at ein så omfattande del av den norske kulturinfrastrukturen blir halden oppe av små frivillige organisasjonar med svært avgrensa økonomisk bereevne.

Kulturarenastrategien må difor ta utgangspunkt i økonomien til dei som faktisk eig og driv kulturarenaene. Det er ikkje realistisk å vente at nødvendig rehabilitering og modernisering av denne bygningsmassen berre skal bli finansiert gjennom dugnad, basarar, utleige og tilfeldige gåver.

Verkemidla når ikkje fram

I 2024 gjekk berre 16 prosent av dei 86,5 millionane i den desentraliserte ordninga for kulturbygg til organisasjonseigde bygg. Kulturrom fekk i 2025 over 1 000 søknader på til saman 369 millionar kroner, men hadde berre 84 millionar å fordele. Mange av søknadene var, noko som tyder på at søkarane har lite eigenkapital. Berre 15 prosent av kommunane har eigen plan for kulturlokale.

Oslo Economics si evaluering av den desentraliserte ordninga viser at utfordringa både handlar om tilgang til verkemiddel og kunnskap om ordninga. Berre 38 prosent av organisasjonane som eg eigne bygg kjende til ordninga. Manglande kjennskap gjer at søknadane ikkje nødvendigvis speglar dei faktiske behova. Nokre fylkeskommunar vegrar seg dessutan for å marknadsføre ordninga då det er for lite tilgjengelege midlar. Lange køar har i fleire fylke ført til periodar utan høve til å sende inn nye søknadar. Gjennomgang Huset i Bygda har gjort viser òg einskilde fylke i periodar ikkje har handsama søknadar til desentralisert ordning til tilskot til organisasjonseigde bygg på grunn av store etterslep, sjølv om dette er i strid intensjonen bak tilskotsordninga.

Kva følger av dette?

Kunnskapsgrunnlaget peiker på tre forhold. Det første er at husa utgjer ein stor del av den norske kulturinfrastrukturen, men er nesten usynlege i offentleg planlegging. Det andre er at eigarane har for lita økonomisk bereevne til å løfte investeringsbehovet sjølve. Det tredje er at flaskehalsen ofte er kapasiteten og kompetansen i frivillige styre som skiftar over tid. Der styra har fått hjelp, blir prosjekta gjennomførte. Til dømes har tilskot frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane på 13,9 millionar kroner, i kombinasjon med rådgjeving frå Huset i Bygda, utløyst prosjekt for 54,6 millionar kroner i perioden 2018–2025.

Kunnskapsgrunnlag: Viktige punkt frå Kulturrom

Kunnskapsgrunnlaget som Kulturrom har utarbeidd for Kulturdepartementet, stadfestar på fleire punkt det vi ser gjennom arbeidet med dei organisasjonseigde kulturbygga.

Husa er ein stor og underutnytta ressurs.

Kunnskapsgrunnlaget omtaler dei organisasjonseigde husa særskilt og viser til kartlegginga til Noregs Ungdomslag som kjelde for talet på hus. Husa blir der skildra som ein svært viktig ressurs med «uforløyst potensiale», dersom dei blir oppgraderte og utvikla til velfungerande kulturarenaer. Vi deler denne vurderinga. Det føreset at husa blir synlege i den offentlege oversikta over kulturarenaer. Husdatabasen til Huset i Bygda er i dag den einaste nasjonale oversikta over dei.

Kunnskap om kulturarenaer må ha ein varig heim

Kulturrom føreslår at departementet forankrar og finansierer ein varig, forskingsforankra kunnskapsfunksjon for kulturarenaer, etter modell frå idretten. Vi støttar dette. For dei frivilligdrivne husa er det likevel ikkje nok at kunnskapen finst. Han må nå fram til frivillige styre som skiftar over tid og sjeldan har byggfagleg kompetanse. Ei nasjonal rådgjevingsteneste for frivilligdrivne kulturbygg vil vere den delen av ein slik kunnskapsfunksjon som når ut til den enkelte huseigaren.

Frivilligdrivne hus treng tilpassa hjelp

Ein av delrapportane frå Telemarksforsking som ligg til grunn for arbeidet, viser at Huset i Bygda allereie gir eigarane av organisasjonseigde hus informasjon om tilskotsordningar, budsjettmalar og anna støtte. Rapporten grunngjev behovet med at husa ofte blir drivne berre av frivillige. Tenesta finst altså og er kjend i fagmiljøet, men ho er ikkje landsdekkande.

Kultur og idrett bør ha like rammevilkår

Kunnskapsgrunnlaget føreslår ei momskompensasjonsordning for kulturbygg etter modell frå idretten. Det støttar tilrådinga vår om momskompensasjon for nybygg, påbygg og ombygging av organisasjonseigde kulturbygg, og oppfølging av Stortinget sitt vedtak 571.

Samla viser kunnskapsgrunnlaget til departementet det same som vår eigen kunnskap: Dei organisasjonseigde husa er ein vesentleg del av kulturinfrastrukturen, dei treng likeverdige økonomiske rammevilkår, og kunnskapen om dei må bli gjort tilgjengeleg for dei som faktisk eig og driv husa.

1. Kva barrierar kjenner de til for utvikling av eigna kulturlokale?

Manglande økonomiske verkemiddel

Den største barrieren for mange frivilligdrivne kulturbygg er økonomi.

I 2024 var det sett av 86,5 millionar kroner til den desentraliserte ordninga for kulturbygg, medan berre 16 prosent av ordninga gjekk til organisasjonseigde kulturbygg. Samstundes er investeringsbehovet i dei frivillig eigde bygga svært stort.

Erfaringane frå Sogn og Fjordane viser det same. Berre om lag ein femdel av det som vart søkt om, fekk tilskot, og dei største tiltaka, som nytt tak, får oftast avslag. Berre 8 prosent av søknadene oppgav at laget hadde søkt eller ville søkje spelemidlar, som heller ikkje kan brukast til vedlikehald.

Dette viser eit grunnleggjande problem med dagens verkemiddelapparat: Frivillig eigde kulturbygg konkurrerer ofte om midlar i ordningar der dei har langt mindre økonomisk og administrativ kapasitet enn offentlege aktørar.

Noregs Ungdomslag meiner difor at den desentraliserte ordninga må styrkast, og at det må sikrast at ein vesentleg større del av midlane går til frivillig eigde kulturbygg. Dette kan gjerast gjennom ein særskild del av ordninga for frivillige lag eller gjennom andre tydelege nasjonale føringar.

Ulike rammevilkår for kultur og idrett

Ei særleg økonomisk hindring er meirverdiavgifta.

Frivillige organisasjonar kan få kompensasjon for meirverdiavgift på delar av drifta, men investeringar i nybygg, påbygg og ombygging fell i utgangspunktet utanfor den ordinære momskompensasjonsordninga.

Idretten har på si side ei eiga ordning over statsbudsjettet for kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging og rehabilitering av idrettsanlegg.

For eit lite lag kan meirverdiavgifta utgjere skilnaden mellom om eit prosjekt kan bli gjennomført eller ikkje. Det er vanskeleg å sjå ei prinsipiell grunngjeving for at eit frivillig eigd idrettsanlegg skal ha betre vilkår enn eit frivillig eigd kulturbygg.

Stortinget vedtok 26. mars 2026 å be regjeringa vurdere ei eiga momskompensasjonsordning for organisasjonseigde kulturbygg for oppgradering, modernisering, energieffektivisering og universell utforming. Kulturarenastrategien bør følgje opp dette vedtaket.

Noregs Ungdomslag meiner ei slik ordning også må omfatte all nybygg, påbygg og ombygging.

Høge og aukande driftskostnader

Frivilligdrivne kulturbygg er også sårbare for aukande faste kostnader. Straum, forsikring og kommunale gebyr tek ein stadig større del av inntektene.

Særleg for eldre og store bygg kan straum og forsikring utgjere betydelege beløp. Samstundes står mange av dei same bygga framfor store investeringar i energieffektivisering.

Også utviklinga i kommunale vatn- og avløpsgebyr kan få store konsekvensar. Når faste kostnader aukar, må små frivillige organisasjonar i praksis hente pengane frå vedlikehald, aktivitet eller oppsparte midlar.

Forsikringar utgjer ein stadig større del av dei faste utgiftene til dei frivilligdrivne kulturbygga. Det er ei utfordring at det ikkje finst eigne forsikringskategoriar for frivillige, men at husa må bli forsikra på linje med kommersielle næringsbygg. At skattekommisjonen foreslår å innføre moms på skadeforsikring er òg ein potensiell stor meirkostnad for frivilligheita.

Strategien må difor sjå investering og drift i samanheng. Det hjelper lite å ha pengar til aktivitet dersom arenaen aktiviteten skal skje i, ikkje kan haldast i forsvarleg stand.

Kulturarenaene er for lite integrerte i offentleg planlegging

Ei anna barriere er manglande kunnskap og planlegging.

Etter kulturlova § 4 skal kommunen ha skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet og fastsetje overordna mål og strategiar gjennom planarbeidet.

Dette må også omfatte infrastrukturen som kulturlivet er avhengig av.

Når eit frivillig lag eig og driv eit kulturbygg som blir brukt av ei rekke lag, organisasjonar og innbyggarar, forvaltar laget i realiteten ein del av den lokale kulturinfrastrukturen. Likevel blir desse bygga ikkje alltid behandla som ein del av kommunen si samla kulturplanlegging.

Berre 15 prosent av kommunane har ein eigen plan for kulturlokale.

Kommunane må få betre verktøy for å kartleggje kulturarenaene sine, vurdere behova og integrere kulturarenaene i det ordinære planarbeidet.

Manglande felles definisjon

Ein føresetnad for dette er at me veit kva me snakkar om.

Noregs Ungdomslag meiner kulturarenastrategien bør etablere ein brei, felles nasjonal definisjon av kulturarena. Stat, fylkeskommunar og kommunar treng eit felles omgrepsapparat for kartlegging, planlegging og prioritering.

Me støttar ei forståing der ein kulturarena er eit fysisk sted som jamleg blir brukt til, eller er tilrettelagt for, å skape, øve, utøve, produsere, formidle, lære, oppleve eller delta i kultur- og kunstaktivitet.

Det avgjerande bør vere bruken og funksjonen, ikkje kva bygget heiter, kven som eig det eller kva det opphavleg vart bygd for.

Dette er særleg viktig for dei frivilligdrivne kulturbygga. Eit ungdomshus, samfunnshus eller nabolagshus kan vere ein av dei viktigaste kulturarenaene i ein kommune sjølv om bygget ikkje heiter «kulturhus».

2. Kva kompetanse eller kunnskap manglar lokalt eller regionalt?

For mange frivillige huseigarar er utfordringa ikkje berre pengar, men å vite kva ein skal gjere, i kva rekkjefølgje ein skal gjere det og kvar ein kan få hjelp.

Frivillige styre forvaltar bygg og verdiar av stor økonomisk og samfunnsmessig betydning. Dei må handtere vedlikehald, branntryggleik, universell utforming, energi, forsikring, finansiering, offentlege krav, søknadsordningar og utvikling av huset. Ofte utan byggfagleg eller administrativ kompetanse.

Styra skiftar også over tid. Kompetansen må difor byggjast opp på nytt. Rapporten Tett, trygt og tilgjengeleg frå Sogn og Fjordane viser at den vanlegaste grunnen til avslag er budsjett som ikkje heng saman. Nesten halvparten av søkarane har aldri fått tilskot. Samtidig har 77 av 206 søkarar som fekk avslag, seinare fått tilskot, noko som viser at oppfølging over tid gir resultat.

Det manglar særleg kompetanse og lett tilgjengeleg rådgjeving om:

  • langsiktig vedlikehaldsplanlegging
  • universell utforming og tilgjenge
  • energieffektivisering
  • branntryggleik og andre myndigheitskrav
  • finansiering og relevante støtteordningar
  • korleis ulike finansieringskjelder kan kombinerast
  • utvikling av huset for nye aktivitetar og nye brukargrupper
  • sambruk mellom kultur, frivilligheit, kommune og andre lokale aktørar
  • kommunal og regional kulturplanlegging.

Det finst mykje kompetanse på ulike delar av feltet, men den er fragmentert. For den lokale huseigaren kan det vere svært krevjande å finne fram til rett instans.

Det er også stor forskjell på å ha informasjon tilgjengeleg på ei nettside og å ha tilgang til nokon som kan sjå det konkrete huset, forstå utfordringa og hjelpe det frivillige styret vidare.

Ei nasjonal rådgjevingsteneste for frivilligdrivne kulturbygg

Noregs Ungdomslag meiner difor at eitt av dei viktigaste tiltaka i kulturarenastrategien bør vere å etablere ei nasjonal, gratis rådgjevingsteneste for frivilligdrivne kulturbygg.

Gjennom Huset i Bygda har Noregs Ungdomslag over meir enn 15 år bygd opp kompetanse på nettopp desse husa. Arbeidet omfattar rådgjeving, kompetanseutvikling, nettverksbygging og politikkutvikling.

Huset i Bygda er i dag etablert i delar av landet. I tillegg tilbyr Arena for nabolagshus 1:1-rådgjeving i samarbeid mellom Huset i Bygda og SoCentral.

Erfaringane viser at behovet er stort.

Ei nasjonal rådgjevingsteneste bør kunne møte huseigaren tidleg i prosessen og hjelpe laget med å avklare kva utfordringa faktisk er, kva kompetanse dei treng, kva tiltak som bør prioriterast, kva krav dei må ta omsyn til og kva finansieringsmoglegheiter som finst.

Ei slik teneste kan også fungere som bindeledd mellom lokale huseigarar, kommunar, fylkeskommunar, finansieringsaktørar og ulike fagmiljø. Det vil gjere det lettare å spreie kunnskap og gode løysingar på tvers av kommune- og fylkesgrenser.

Noregs Ungdomslag ønskjer å ta på seg eit nasjonalt ansvar for ei slik rådgjevingsteneste. Som den einaste aktøren som over tid har bygd opp ei spesialisert rådgjevingsteneste retta mot frivilligdrivne kulturbygg, meiner me det er ei naturleg vidareutvikling av Huset i Bygda.

Men eit nasjonalt oppdrag krev nasjonal finansiering.

Ei rådgjevingsteneste som skal vere tilgjengeleg for frivilligdrivne kulturbygg over heile landet, kan ikkje finansierast av medlemmane i Noregs Ungdomslag åleine.

3. Kva tiltak bør inngå i strategien?

1. Ei nasjonal rådgjevingsteneste

Regjeringa bør etablere og finansiere ei gratis nasjonal rådgjevingsteneste for frivilligdrivne kulturbygg. Tenesta må kunne gi konkret 1:1-rådgjeving, utvikle verktøy og rettleiingar, arrangere kompetansetiltak og fungere som eit nasjonalt kompetansemiljø for denne delen av kulturarenaene.

Noregs Ungdomslag er gjennom Huset i Bygda førebudd på å ta ei slik rolle dersom det blir sett av nødvendige ressursar.

2. Styrka finansiering av frivillig eigde kulturbygg

Den desentraliserte ordninga for kulturbygg må styrkast vesentleg. Samtidig må staten sikre at ein større del av midlane faktisk når fram til dei frivillig eigde bygga.

Dette er også ei direkte oppfølging av Stortinget sitt vedtak 570 i behandlinga av Dokument 8:73 S (2025-2026). Her ber Stortinget regjeringa, i samband med arbeidet med kulturarenastrategien, greie ut ein særskild del for frivillige lag innanfor den desentraliserte ordninga, eller på annan måte sørgje for at fleire midlar kjem fram til dei frivillige laga.

Noregs Ungdomslag meiner den mest treffsikre løysinga vil vere å sikre ein særskild del av ordninga for frivillig eigde kulturbygg. Erfaringa er at frivillige lag ofte kjem dårlegare ut når dei konkurrerer i same ordning som kommunale og andre offentlege eigarar med større økonomisk og administrativ kapasitet. I tillegg er kommunane ansvarleg for prioritering av søknadar før dei vert sendt til fylkeskommunen. All erfaring viser at kommunane prioriterer eigne søknadar der dei står i konkurranse med frivilligdriven hus.

Strategien bør difor slå fast korleis vedtak 570 skal følgjast opp, og sikre at ein vesentleg større del av den desentraliserte ordninga går til frivillig eigde kulturbygg.

3. Full momskompensasjon ved investeringar

Stortinget vedtok også, gjennom vedtak 571 i behandlinga av Dokument 8:73 S (2025-2026), å be regjeringa vurdere ei eiga momskompensasjonsordning for organisasjonseigde kulturbygg for kostnader knytte til oppgradering, modernisering, energieffektivisering og universell utforming.

Noregs Ungdomslag meiner kulturarenastrategien bør vere ein sentral del av oppfølginga av dette vedtaket.

Ei eiga momskompensasjonsordning vil vere eit viktig steg mot meir likeverdige rammevilkår mellom frivillig eigde kulturbygg og frivillig eigde idrettsanlegg. For små frivillige organisasjonar kan meirverdiavgifta utgjere ein så stor del av investeringa at nødvendige prosjekt blir utsette eller ikkje gjennomførte.

Noregs Ungdomslag meiner samtidig at regjeringa bør gå lenger enn ordlyden i vedtak 571 og inkludere all nybygg, påbygg og ombygging. Behovet for å utvikle kulturarenaene handlar ikkje berre om mindre oppgraderingar av eksisterande bygg. Nokre stader er utviding, ombygging eller nybygg nødvendig for å sikre tenlege og framtidsretta kulturarenaer.

4. Universell utforming og energieffektivisering

Kulturarenaene skal vere tilgjengelege for alle. Samtidig er mange av dei frivillig eigde kulturbygga gamle og bygde lenge før dagens krav til universell utforming.

Det må sikrast finansiering til universell utforming gjennom eksisterande ordningar eller ei eiga ordning.

Det same gjeld energieffektivisering. Investeringar i isolasjon, vindauge, oppvarming og andre energitiltak kan både redusere klimabelastninga og styrke økonomien til huseigarane over tid.

Men organisasjonar med små økonomiske reservar har ofte ikkje råd til investeringa som skal gi innsparing seinare. Offentlege verkemiddel er difor nødvendige.

5. Styrke Kulturrom

Kulturrom spelar ei viktig rolle i arbeidet med å gjere lokale eigna til kulturaktivitet. I 2025 fekk Kulturrom over 1 000 søknader med ein samla søknadssum på 369 millionar kroner, medan det var 84 millionar kroner til fordeling. Samstundes var mange av søknadane relativt små, som òg indikerer at søkarane har lite eigne midlar som delfinansiering i søknadar til Kulturrom.

Ordninga bør styrkast.

Samtidig må verkemiddelapparatet sjåast i samanheng. Den desentraliserte ordninga bør i hovudsak kunne finansiere sjølve bygget og grunnleggjande bygningsmessige tiltak, medan Kulturrom kan bidra til å gjere romma eigna til øving, produksjon og framføring gjennom mellom anna akustikk, lydisolasjon og teknisk infrastruktur.

Ordningane må kunne kombinerast i same prosjekt.

6. Felles nasjonale retningslinjer

Frivillige lag bør ikkje møte heilt ulike rammevilkår avhengig av kva fylke huset ligg i.

Det bør framleis vere rom for regionale prioriteringar, men grunnleggjande kriterium og definisjonar må vere felles.

Strategien bør leggje grunnlaget for:

  • felles nasjonale retningslinjer
  • tydelege definisjonar av kva tiltak som kan få støtte
  • føreseielege krav
  • meir einsarta sakshandsaming
  • rom for regionale prioriteringar innanfor dei nasjonale rammene.

7. Kartlegging og kommunal planlegging

Kulturarenaene må inn i kommunane sitt ordinære planarbeid. Kommunane må ha oversikt over kva kulturarenaer som finst, kven som eig dei, kva dei blir brukte til, kva tilstand dei er i og kva utviklingsbehov dei har.

Dette bør bli følgt opp gjennom eit nasjonalt register eller ei anna felles løysing for kartlegging av kulturarenaer. Rapporten Tett, trygt og tilgjengeleg viser kva kunnskap ein får når søknader, tiltak og kostnader blir registrerte systematisk over tid. Slik kunnskap finst ikkje i offentlege register i dag.

Kartlegginga må omfatte meir enn offentleg eigde kulturhus. Ungdomshus, grendehus, nabolagshus, samfunnshus og andre frivillig eigde møteplassar må vere ein sjølvsagd del av kunnskapsgrunnlaget. Denne kartlegginga bør bygge vidare på, eller på anna vis bruke, husdatabasen til Noregs Ungdomslag, som i dag er den einaste nasjonale oversikten over frivilligdrivne hus i Norge.

Anleggsregisteret som kulturbygg må vere registrert i for å kunne søke om spelemiddelsøknad inneheld pr. 16.9.2026, 3 149 bygg der 1 886 hus er organisasjonseigde. I tillegg er det stort behov for å rydde opp i anleggsregisteret. Til samanlikning inneheld husdatabasen til Huset i Bygda 5 535 kulturbygg pr. 16.9.2026. Husdatabasen til Noregs Ungdomslag har òg stor verdi som kunnskapsgrunnlag for forvaltninga ved at detaljgraden av informasjon er høg (tilstand, grad av universell utforming, verneverdi, aktivitetar og brukarar mm.). Husdatabasen er i tillegg er retta mot eit større publikum enn anleggsregisteret, både huseigarar, forvaltning og ulike brukargrupper har stor nytte av husdatabasen.

I tillegg sit staten på eit stort og omfattande kunnskapsgrunnlag som i større grad må aktiverast og takast i bruk. I dag ligg det eit stort uutnytta potensial i eksisterande ordningar, som spelemiddelordninga for kulturbygg, Arena-ordninga til Kulturrådet og momskompensasjonsordninga, som i større grad bør innrettast og nyttast strategisk for å utvikle, styrkje og ta vare på den samla kulturinfrastrukturen. Kunnskapen bør nyttast systematisk til å få betre oversikt over behov, bruk, investeringar og effektane av dei statlege verkemidla, og til å måle effekt og måloppnåing over tid. Dette inneber å samanstille og bruke både eigne og eksterne data på ein meir heilskapleg måte.

8. Sikre at husa blir del av den nasjonale beredskapen

Det finst gode døme frå andre land på korleis frivilligeigde kultur- og forsamlingshus kan inngå meir systematisk i den lokale beredskapen. I Sverige har Bygdegårdarnas Riksförbund arbeidd målretta med å utvikle bygdegardane som ein ressurs for kommunane,både ved kriser i fredstid og ved heva beredskap. Ein bygdegard er det same som grendehus på norsk.

Utgangspunktet er at beredskap ikkje berre handlar om å ha utstyr lagra i eit bygg. Det handlar om å byggje opp hus, kompetanse, organisering, lokalkunnskap og samarbeid før krisa oppstår. Bygdegårdarnas Riksförbund arbeider difor for at dei frivillige organisasjonane og bygdegardane skal inngå i den kommunale beredskapsplanlegginga allereie i fredstid.

Eit sentralt element er ressurskartlegging. Kommunen og dei frivillige organisasjonane skal få oversikt over kva lokale ressursar som finst, og korleis dei kan nyttast dersom lokalsamfunnet blir råka av ei alvorleg hending. Bygdegardane kan til dømes fungere som møtelokale, alternativ stabslokasjon, samlingsstad for frivillige, lokale for informasjon og kulturaktivitetar, eller som stad for mat, varme, vatn og kvile ved straumbrot eller andre kriser.

Forbundet legg også vekt på opplæring og øving. Frivillige organisasjonar som inngår i beredskapsplanlegginga, bør delta i kommunen si opplærings- og øvingsverksemd. Bygdegårdarnas Riksförbund har mellom anna, med statlege tilskot, utvikla eigne studieopplegg om beredskap, slik at dei lokale foreiningane kan arbeide systematisk med kva rolle huset kan ha, kva ressursar det har, og kva som må vere på plass før ei krise oppstår.

4. Døme på kulturarenaer utvikla gjennom gode samarbeidsmodellar og samfinansiering

Frivillig eigde kulturbygg er i seg sjølve gode døme på samfinansiering.

Eit typisk utviklingsprosjekt blir ikkje finansiert av éin aktør. Laget stiller gjerne med eigne midlar og ein omfattande dugnadsinnsats, samtidig som prosjektet blir finansiert gjennom ein kombinasjon av kommunale og fylkeskommunale midlar, statlege ordningar, gåver frå sparebankstiftingar og andre private bidragsytarar.

Denne modellen utløyser store lokale ressursar, men den krev òg mykje av dei frivillige. Huseigaren må finne fram til fleire støtteordningar med ulike søknadsfristar, kriterium, krav til eigenfinansiering og rapportering.

Gode samarbeidsmodellar handlar heller ikkje berre om finansiering. Dei beste prosjekta oppstår når huseigar, kommune, kulturliv, andre lokale brukarar, finansieringsaktørar og fagmiljø arbeider saman om utviklinga. Her kan ei nasjonal rådgjevingsteneste spele ei viktig rolle som mellomromsaktør. Tenesta kan hjelpe lokale huseigarar med å finne fram til relevante samarbeidspartnarar og finansieringskjelder og bidra til at gode erfaringar frå eitt prosjekt blir spreidde til andre.

Døme 1: Henning samfunnshus som døme på samspel mellom kommune og frivillig sektor

Bagabu ungdomslag i Steinkjer kommune er deleigar av Henning samfunnshus og har eit tett samarbeid med kommunen om drift og utvikling av huset. Samarbeidet viser kva moglegheiter som ligg i at kommunen og frivilligheita deler ansvar for ein lokal kulturarena. Når kommunen bidreg med ressursar og kompetanse, medan frivilligheita bidreg med eigarskap, engasjement, aktivitet og lokal forankring, kan ein få ein kulturarena som både er godt integrert i lokalsamfunnet og kan fylle fleire behov.

Samstundes krev slike samarbeid tydelege roller, langsiktig perspektiv og gjensidig forståing. Frivillige lag har avgrensa kapasitet, og kommunen kan ikkje basere grunnleggjande drifts- og vedlikehaldsoppgåver på dugnad åleine. Elles er det risiko for ansvarspulverisering, der verken kommune eller lag tek ansvar for vedlikehald og utvikling av huset. Erfaringane frå Henning samfunnshus viser difor også behovet for gode samarbeidsmodellar der ansvar, økonomi, vedlikehald og utvikling er avklart mellom partane. Dette kan vere ein viktig modell å lære av i arbeidet med ein nasjonal kulturarenastrategi.

Døme 2: Dale Ungdomslag og Trudvang er eit godt døme på korleis samfinansiering og samarbeid kan sikre framtida til frivillige kulturbygg med store kulturminneverdiar.

Dale Ungdomslag, skipa i 1898, har lagt ned ein omfattande eigeninnsats for å restaurere og vedlikehalde Trudvang, ungdomshuset frå 1932, teikna av arkitekten Johan Lindstrøm. I perioden 2020–2026 er det gjennomført ulike restaurerings-, vedlikehalds- og utviklingsprosjekt i huset til ein samla kostnad på om lag 5 millionar kroner. Dette illustrerer kor store ressursar det krev å ta vare på kulturbygg som både skal vere i aktiv bruk og samstundes ivareta viktige arkitektoniske og kulturhistoriske verdiar. Investeringane hadde ikkje vore mogleg utan ei kombinasjon av eigne midlar, svært stor dugnadsinnsats og økonomisk støtte frå mellom anna Kulturminnefondet, Kulturrom, spelemiddelordninga og lokale støtteordningar.

Samstundes skaper investeringane stor lokal verdiskaping. Det aller meste av midlane blir brukt lokalt gjennom kjøp av tenester frå handverkarar og lokale firma. Trudvang viser dermed korleis støtte til frivillige kulturbygg ikkje berre bidreg til å ta vare på kulturminne og lokal kulturinfrastruktur, men også utløyser frivillig innsats, lokal økonomisk aktivitet og verdiskaping. Skal slike hus kunne takast vare på for framtidige generasjonar, er det difor avgjerande at offentlege og private støtteordningar kan samfinansiere den store lokale innsatsen.

Avslutning

Noreg treng ikkje berre nye kulturarenaer. Me må også ta vare på, modernisere og utvikle dei tusenvis av arenaene me allereie har.

Dei organisasjonseigde kulturbygga representerer ein enorm verdi. Dei er bygd opp gjennom generasjonar med frivillig arbeid og lokale investeringar og blir framleis halde i drift av folk som bruker fritida si på å skape aktivitet og fellesskap der dei bur.

Men dugnad kan ikkje erstatte ein nasjonal politikk for kulturinfrastruktur.

Skal desse husa framleis vere levande kulturarenaer om 10, 20 og 50 år, må staten bidra med økonomiske verkemiddel som står i forhold til behova. Kommunane må inkludere dei i planlegginga si. og dei frivillige som sit med ansvaret for store og kompliserte bygg må ha ein stad å vende seg når dei treng hjelp.

Saman med betre investeringsordningar, likeverdig momskompensasjon, sterkare kommunal planlegging og eit meir samordna verkemiddelapparat vil dette gi frivilligheita betre føresetnader for å ta vare på og vidareutvikle ein av dei viktigaste delane av den norske kulturinfrastrukturen.

Fleire politiske dokument

Politikk

Tett, trygt og tilgjengeleg

10 år med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane Rapport basert på søknader til bygningsmessige tilskot i Sogn og Fjordane i åra 2016–2025.

Politikk

Fråsegn: Behovet for fysiske møteplassar i ei digital tid

Vedteke 19. april 2026, Oslo Landsmøtet i Noregs Ungdomslag

Politikk

Fråsegn: Samfunnsutbytet er ei investering i levande lokalsamfunn

Vedteke 19. april 2026, Oslo Landsmøtet i Noregs Ungdomslag

Innspel til ny kulturarenastrategi (2026) | Noregs Ungdomslag