Tett, trygt og tilgjengeleg
10 år med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Rapport basert på søknader til bygningsmessige tilskot i Sogn og Fjordane i åra 2016–2025.
Rapporten lesast best som PDF.

Samandrag
Frå 2016 til 2025 har Huset i Bygda teke imot 604 søknader om tilskot til bygningsmessige tiltak frå 228 lag i Sogn og Fjordane. 216 søknader fekk til saman 15,3 millionar kroner, om lag ein femdel av det som vart søkt om. Det største behovet er å halde husa tette: tak, vindauge og fasade går igjen i fire av ti søknader. Deretter kjem tiltak som gjer husa brukande for fleire, som universell utforming, toalett og kjøken. Behovet veks. Eit typisk prosjekt kostar i dag om lag dobbelt så mykje som for fem år sidan, og dei største og dyraste tiltaka er dei som oftast får avslag. Nesten halvparten av søkarane har aldri fått tilskot, ofte fordi budsjettet ikkje heng saman eller søknaden er for stor, ikkje fordi behovet er mindre.
Ordninga har likevel stor verknad der ho når fram. Kvar tilskotskrone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering, og laga legg sjølve ned store summar i dugnad og eigne midlar. Ordninga fyller eit hol som dei offentlege tilskota ikkje dekkjer, sidan spelemidlar ikkje kan nyttast til vedlikehald.
Funna om vedlikehaldsbehov, finansiering og rådgjeving er relevante for fleire av tema som den nasjonale kulturarenastrategien Regjeringa skal utarbeide hausten 2026.
1 Innleiing
Rapporten samlar ti år med søknader om tilskot til bygningsmessige tiltak i organisasjonseigde kulturhus i Sogn og Fjordane, frå 2016 til 2025. Erfaring frå arbeid i fleire fylker gir grunn til å tru at tala er representative for resten av landet. Han er meint å vere eit kunnskapsgrunnlag for vidare utviklingsarbeid, arbeid med rammevilkår og rådgjeving.
Bakgrunn
Huset i Bygda vart etablert i 2010 på initiativ frå Sogn og Fjordane Ungdomslag. Sidan den gong er det gjennomført regionale prosjekt i Sogn og Fjordane, Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag. I dag er det ein del av Noregs Ungdomslag. Under pandemien forvalta Huset i Bygda ei nasjonal støtteordning, og det er mellom anna utvikla eigne verktøy for å kartleggje organisasjonseigde kulturbygg. Huset i Bygda er i dag ein av dei viktigaste kunnskapsleverandørane på kulturfrivilligfeltet når det gjeld organisering, bruk, drift og utvikling av kulturhus i Noreg.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har vore ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane heilt frå start. I dag får Huset i Bygda rammegåve til støtteordning for organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. Arbeid med desse tildelingane gjev grunnlaget for rapporten.
Per 16. september 2026 var 5 535 organisasjonseigde kulturhus registrerte i den nasjonale husdatabasen til Huset i Bygda. Av 890 kartlagde bygg i Vestland fylke ligg 376 i Sogn og Fjordane. Over 60 % av husa er bygd i perioden 1880-1960 og har store behov for modernisering.
Formål med rapporten
Det finst i dag inga samla oversikt over tilstanden og behova i dei organisasjonseigde kulturhusa, verken nasjonalt eller i Vestland. Vestland fylkeskommune peikar i sitt kunnskapsgrunnlag for kulturarenaer (2025) på at manglande oversikt gjer det vanskeleg å få eit heilskapleg bilete av status og utfordringar.
Tilskotsordninga i Sogn og Fjordane har sidan 2016 samla inn opplysningar om kva husa treng, kva tiltaka kostar og korleis laga finansierer dei. Saman med husdatabasen gir dette unik innsikt. Dette materialet har i liten grad tidlegare vore samla og analysert. Denne rapporten tek utgangspunkt i informasjon frå innsendte søknadar, handsaming og tildeling.
Oversikta er særleg viktig fordi dei store offentlege ordningane ikkje dekker vedlikehald.
Korleis ordninga utfyller andre tilskotsordningar
Tilskotsordninga som Huset i Bygda forvaltar i samarbeid med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, utfyller dei offentlege ordningane for kulturbygg. Ho rettar seg mot behov som dei etablerte tilskotsordningane i liten grad dekkjer. Dei desentraliserte tilskota til kulturbygg gjennom fylkeskommunane er i hovudsak innretta mot større investeringar, medan Arena-ordninga i Kulturdirektoratet skal bidra til utvikling og profesjonalisering av kulturarenaer og verksemda der.
Huset i Bygda si ordning kan i større grad møter dei konkrete behova i organisasjonseigde kulturhus, som vedlikehald, universell utforming, oppgradering og mindre bygningsmessige tiltak. Huset i Bygda gir også rådgjeving til laga, og det kan bidra til betre søknader til andre støtteordningar, som spelemidlar og Kulturrom. I tillegg til økonomisk støtte og rådgjeving gir ordninga kunnskap om kva behov som faktisk finst i husa. Søknadene gir eit detaljert bilete av tilstanden, kva tiltak laga prioriterer, kva dei kostar, og korleis laga sjølve finansierer dei. Slik kan ordninga synleggjere behov og utviklingstrekk som er relevante når framtidige offentlege verkemiddel skal utformast.
Rapporten skal:
- dokumentere omfanget av og innhaldet i søknadene til bygningsmessige tiltak i perioden 2016-2025
- vise kva behov dei organisasjonseigde kulturhusa har, og kor mykje av behovet som blir dekt
- gi grunnlag for vidareutvikling av ordninga saman med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
- styrkje kunnskapsgrunnlaget i arbeidet med rammevilkår, mellom anna med den nasjonale kulturarenastrategien
- gi betre grunnlag for rådgjeving til huseigarane
2 Om søknadsordninga og metode
Materialet er henta frå Huset i Bygda si eiga oversikt over alle søknader til ordninga for bygningsmessige tiltak i Sogn og Fjordane 2016-2025. Det er rydda, samordna og kategorisert før analysen.
Søknadsordninga
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gitt årlege rammegåver til Huset i Bygda. Huset i Bygda og Sogn og Fjordane Ungdomslag forvaltar midlane som tilskot til bygningsmessige tiltak i organisasjonseigde kulturhus i fylket. Samarbeidet er utan sidestykke i Noreg, og ordninga er i dag den desidert viktigaste tilskotsordninga for organisasjonseigde kulturhus i Sogn og Fjordane.
Huset i Bygda og Sogn og Fjordane Ungdomslag tek imot og vurderer søknadene. Ved tildeling blir det lagt vekt på geografisk spreiing over heile fylket, gjennomføringsevne og at tiltaka bidreg til auka aktivitet i husa. Laga får rettleiing undervegs, og der det trengst, blir det laga framdriftsplan saman med styret. 2,5 % av ramma går til sakshandsaming og oppfølging.
Når det kjem inn fleire gode søknader enn ramma rekk til, har Huset i Bygda nokre år fått utvida ramme frå Sparebankstiftinga.
Ulikt spelemidlane kan ordninga dekke vedlikehald av husa.
Retningslinjer for tildeling og rapportering av midlar
Det er utarbeidd eigne retningslinjer for tildeling av gåvemidlar frå Huset i Bygda.
- Ordninga er retta mot organisasjonseigde og frivilligdrivne kulturbygg i Sogn og Fjordane, som ungdomshus, grendahus, bygdahus og bedehus mm.
- Huset må vere ope for allmenn aktivitet. Dvs. at privatpersonar og andre lag og organisasjonar har moglegheit til å nytte seg av huset
- Om det er mogleg bør tildelingane òg ha ei geografisk spreiing i Sogn og Fjordane
Huseigarane må rapportere på bruken av tilskotet og Huset i Bygda utarbeidar kvart år rapport med oppstilling på bruken av midlane til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Kva har skjedd desse åra?
2016: Første år med rammegåve. Berre søknader som fekk tilskot, er registrerte.
Frå 2018: Søknadane inneheld finansieringsplan med totalkostnad, eigeninnsats og anna finansiering.
2018-2025: Mellom 50 og 90 søknader i året. Samla tildelt beløp auka frå 0,3-0,8 mill. kr i året i 2018-2021 til 4,9 mill. kr i 2025.
2024: Sparebankstiftinga tok over ansvaret for søknader med kort sakshandsamingstid (under 30 000 kroner i 2024 og 50 000 kroner frå 2025). Huset i Bygda gir framleis rådgjeving til desse huseigarane. Vi har dei ikkje med i datagrunnlaget.
2024: Eiga temaordning for universell utforming.
2025: Eiga temaordninga for brannsikring.
Korleis materialet er samla inn og handsama
Grunnlaget er dokumentasjon frå støtteordninga registrert i Huset i Bygda sitt datagrunnlag: 604 søknader registrert frå 2016-2025. For kvar søknad er det registrert søkar, kommune, prosjekt, tiltakstype, søknadssum, finansieringsplan, eventuell tildeling og merknader frå sakshandsamar.
Før analysen er materialet rydda:
- Søkarnamn som var skrivne ulikt, er samordna. Det gav 228 ulike søkarar.
- For 2016 gjekk søknadene direkte til Sparebankstiftinga, og berre søknadene som fekk tilskot, er registrerte hos Huset i Bygda. I materialet manglar difor kunnskap om avslåtte søknader for det fyrste året. Vi har likevel tatt dei tildelte prosjekta med i datagrunnlaget.
- Nokre søknader fell ikkje under ordninga. Dei vert vist vidare til Sparebankstiftinga.
Kategorisering
Ved handsaminga er søknadene merka med ti tiltakskategoriar: vindauge, tak, enøk, universell utforming, kjøken, toalett, el-anlegg, uteområde, akustikk og brann. 206 søknader (34 %) mangla slik merking, dei fleste frå 2020-2022.
Desse er kategoriserte i etterkant ut frå prosjektnamn og prosjektskildring. Det er då lagt til nye kategoriar for fasade og utvendig vedlikehald, innvendig oppussing, vatn og avløp, påbygg og ombygging, inventar og utstyr, generell rehabilitering, nybygg og drift. Ein søknad kan ha fleire kategoriar.
Avgrensingar og svakheiter i materialet
2016: Berre tildelingar er registrerte, så tal på søknader og tildelingsdel dette året er ikkje samanliknbare med resten av perioden.
Finansieringsplanar: Er lagt inn frå 2018, men ikkje alle postar er fylte ut. Same prosjekt kan vere med fleire år når laget har søkt fleire gonger.
Merknader: Om lag ein tredjedel av søknadene har merknad frå sakshandsamar.
Kategorisering: Kategoriane for søknadene bygger på skjønn og korte skildringar.
Søknadssum: For søknader som fekk tilskot, er det tildelte beløpet registrert, ikkje det laget søkte om. Ifølgje sakshandsamar fekk søkarane det dei søkte om i 99 % av tilfella, så søknadssummen kan i praksis lesast som søkt beløp for alle søknadene. Vi har tolka det slik.
Søknader under 50 000 kroner: Frå 2024 har Sparebankstiftinga handsama dei fleste søknadene under 30 000-50 000 kroner direkte, og desse er ikkje med i materialet. Delen små søknader fall frå rundt 40 % i 2019–2022 til under 20 % i 2024–2025. Tildelingsdelen og storleiken på søknader og tildelingar dei to siste åra er difor ikkje direkte samanliknbare med tidlegare år. Trendane er likevel tydlege.
3 Oversikt over søknadene
Frå 2016 til 2025 fekk Huset i Bygda 604 søknader om bygningsmessige tilskot i Sogn og Fjordane, frå 228 ulike søkarar. Samla søknadssum var 71 millionar kroner.216 av søknadane fekk tilskot på til saman 15,3 millionar kroner.
Tal søknader per år
Søknadstalet har vore jamt 50-90 i året sidan 2018. Toppen kom i 2022 med 89 søknader, og dei fire siste åra har alle hatt over 60. Dei låge tala for 2016 og 2017 var oppstartsår og speglar truleg datagrunnlaget meir enn behovet: for 2016 er det berre registrert søknader som fekk tilskot.
[last ned PDF for å sjå tabellen]
Tabell 1: Tal søknader per år. Samla søknadssum fordelt på dei som fekk tildelt midlar og dei som ikkje fekk.
Søknadssummar per år
Det søkte beløpet auka frå 2,0 millionar kroner i 2017 til ein topp på 13,2 millionar kroner i 2023, og har vore over 10 millionar kroner kvart år sidan 2022. Både dei avslåtte og dei innvilga prosjekta har vorte større. Medianen for avslåtte søknader var 55-75 000 kr i 2018-2021 og 100 000 kr eller meir frå 2022.
For prosjekta som fekk tilskot, auka den typiske totalkostnaden frå 53 000 kr i 2018-2021 til 153 000 kr i 2022-2025. Den typiske tildelinga auka frå 10 000 kr i 2019-2021 til 50-100 000 kr i 2023-2025. I begge periodane dekte tildelinga om lag ein firedel av totalkostnaden.
Tilskot og avslag
216 søknader fekk tilskot, og 388 fekk avslag. Tildelingsdelen har for det meste lege på 30-40 %, men var berre 11 % i 2018 og steig til 65 % i 2025. Då auka Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane rammegåva med 2 millionar kroner. Merk også at dei fleste små søknadene frå 2024 blir handsama direkte av Sparebankstiftinga og ikkje er med i materialet.
Tildelingane utgjer omlag ein femdel av det samla søkte beløpet. Kvart år sidan 2018 har dei avslåtte søknadene åleine utgjort mellom 3 og 11 mill. kr. Auken i tildelt beløp dei siste åra kjem av at det er fordelt meir pengar, ikkje av at behovet har minka. Nokre prosjekt som har fått avslag har fått tilskot seinare, men det er ikkje mogeleg å ta dette direkte ut av datagrunnlaget sidan prosjekta endrar seg med tida.
Tilskota har også vorte større. Snittet per tildeling var 27-35 000 kr i 2019-2021 og 114-120 000 kr i 2024-2025. I 2019-2021 var den vanlegaste tildelinga 10 000 kr. Noko av auken i 2024–2025 kjem av at dei fleste søknadene under 50 000 kroner då vart handsama direkte av Sparebankstiftinga.
[last ned PDFen for å sjå figur]
Figur 2: Tildelt og avslått beløp per år, 2016–2025, i millionar kroner. Samla søyle viser søkt beløp. Tildelt beløp har auka frå under 1 million kroner fram til 2021 til 4,9 millionar kroner i 2025, men det meste av det som blir søkt om, får avslag. Sjølv med kraftig auka tildelingar dei siste åra står store delar av det dokumenterte behovet utan finansiering.
Kva veit vi om anna finansiering?
Frå 2018 har søknadene finansieringsplan, og 503 søknader gjev opp samla prosjektkostnad. Til saman er det 192,5 millionar kroner. For prosjekta som fekk tilskot, dekte tildelinga om lag ein firedel av totalkostnaden. Totalkostnaden for prosjekta har auka markert i perioden. Eit typisk prosjekt kosta 105-125 000 kr i 2019-2021, men om lag 200-230 000 kr i 2022-2025.
Auken gjeld heile breidda av prosjekt: også dei minste prosjekta har vorte dyrare, og delen prosjekt med totalkostnad over 500 000 kr har auka frå 10-17 % til 20-26 %. Byggjekostnadene har stige i same periode, men prisveksten forklarer berre ein mindre del av auken. Materialet tyder difor på at laga i større grad søkjer om omfattande tiltak, og at vedlikehaldsbehovet veks.
I finansieringsplanane er det ført opp 27,3 mill. kr i dugnad, 28,3 mill. kr i eigne midlar og 58,5 mill. kr i anna ekstern finansiering. 48 søknader (8 %) gjev opp at dei har eller søkjer spelemiddel.
Tala må lesast med varsemd. Ikkje alle søknader har fylt ut alle postane, og same prosjekt kan vere talt med fleire år når laget har søkt fleire gonger. Eitt lag har til dømes oppgitt totalkostnader på 4-5,5 mill. kr i tre ulike år. Det er heller ikkje registrert kva anna finansiering prosjekta faktisk fekk.
4 Kva type tiltak det blir søkt om
Søknadene viser ein bygningsmasse der det største behovet er å halde husa tette og vedlikehald. Tak, vindauge og fasade går igjen i 236 søknader, 39 % av alle. Det nest største behovet er å gjere husa brukande for fleire: universell utforming, toalett og kjøken går igjen i 165 søknader, 27 %.
Ein søknad kan gjelde fleire kategoriar. Tala kan difor ikkje leggjast saman. Søkt beløp er søkt beløp for avslåtte søknader og tildelt beløp for dei som fekk tilskot.
[last ned PDFen for å sjå tabell]
Tabell 2: Søknadar fordelt på kategori. Eitt prosjekt kan ha fleire kategoriar.
[last ned PDFen for å sjå figur]
Figur 3: Tal på søknader per kategori, 2016–2025. Vedlikehald av bygningsskalet dominerer: tak og vindauge er dei vanlegaste tiltaka, medan universell utforming og energioppgradering òg er store behov. Ein søknad kan gjelde fleire kategoriar.
Bygningsskalet: tak, vindauge og fasade
Tak er både det vanlegaste og det dyraste tiltaket. Søknader om tak står for 17,2 mill. kr i søkt beløp. Mange søknader skildrar lekkasjar, råte i kledning og vindaugskarmar, og behov for ny måling.
Brukstilpassing: universell utforming, toalett og kjøken
Desse tiltaka handlar om at husa skal kunne brukast av alle og leigast ut. Fleire lag skildrar kjøkenet som avgjerande for bruken av huset. For mange av laga står difor eit nytt kjøken høgt på ønskjelista.
Universell utforming toppa seg i 2024 med 27 søknader, same året som ordninga fekk ei eiga temaordning for universell utforming. Det tyder på at eit tydeleg tema i utlysinga får fram behov som elles ikkje hadde vorte melde inn.
Energi, teknikk og tryggleik
Enøk-søknadene auka kraftig i 2023, truleg som følgje av straumkrisa. Brannsikring var eige tema i ordninga i 2025: 12 av 17 brann-søknader kom det året, og 71 % fekk tilskot.
Vatn og avløp gjeld få søknader, men behovet er grunnleggjande. Nokre lag har hatt dårleg vasstrykk og vasskvalitet i mange år. Andre har t.d. fått kokevarsel etter bakteriar i boreholet.
Kva søknadene seier om tilstanden
Materialet peikar på eit vedvarande vedlikehaldsetterslep. Dei same husa treng ofte både grunnleggjande utbetring og tilpassing til dagens krav, og mange lag søkjer om fleire tiltak i same søknad. Fleire lag skildrar korleis dei etter fleire år med nedstenging måtte «redde huset» før dei kunne byggje opp aktiviteten att.
5 Kven søkjer – og til kva slags bygg?
Søkarane er i hovudsak små lokale lag som eig og driv grendahus, ungdomshus og samfunnshus. Dei 228 søkarane kjem frå 19 kommunar, medrekna Volda (tidlegare Hornindal). Dei fleste søkjer meir enn éin gong.
Geografisk spreiing
Nordfjord og Sunnfjord står for dei fleste søknadane. Stad har flest søkarar og søknadar, men lågast tildelingsdel av dei store kommunane. I indre Sogn er det færre søknader, og Luster og Årdal har få som fekk tilskot.
[last ned PDFen for å sjå tabell]
Tabell 3: Fordeling av søknader på kommune. Vola er med på grunn av søknader i tidlegare Hornindal kommune.
[last ned PDFen for å sjå figur]
Figur 4: Del av søknadene som fekk tilskot, etter samla kostnad for prosjektet. Jo større prosjektet er, desto mindre er sjansen for støtte. Søknader 2018–2025 med oppgitt totalkostnad (n = 500).
Små og store prosjekt
Tabellen byggjer på totalkostnaden i finansieringsplanane frå 2018-2025 som viser storleiken på sjølve prosjektet. Jo større prosjektet er, jo mindre er sjansen for tilskot. Nesten halvparten av prosjekta under 100 000 kr fekk støtte, mot under tre av ti av prosjekta over 250 000 kr.
[last ned PDFen for å sjå tabell]
Tabell 4: Totalkostnad for prosjektfordelt på storleik og kor mange som fekk støtte.
Mange søker fleire gongar
144 av dei 228 søkarane har søkt meir enn éin gong, og dei står for 520 av dei 604 søknadene. 36 søkarar har søkt fem gonger eller fleire. Nokre lag har søkt 9-10 gongar.
117 søkarar har fått tilskot minst éin gong. 41 søkarar har søkt fleire gonger utan nokon gong å få tilskot.
Kven får ikkje tilskot?
Nesten halvparten av søkarane har aldri fått tilskot. Det gjeld 111 av 228 søkarar, 49 %. Dei står for 166 søknader og 23,1 mill. kr i søkt beløp, over 40 % av beløpet i alle avslåtte søknader. 70 av dei har søkt berre éin gong, medan 41 har søkt 2-4 gonger utan å nå opp.
Mange er nye søkarar: 46 av dei 111 søkte fyrste gong i 2022 eller seinare, og nokre av dei vil truleg få tilskot etter kvart. Ei stor gruppe søkte fyrste gong i 2018, det året berre 11 % fekk tilskot. Prosjekta deira er også større: den typiske totalkostnaden er om lag 237 000 kr, mot 146 000 kr hos søkarar som har fått tilskot.
54 av søknadene har merknad frå sakshandsamar. Dei viser kvifor mange ikkje når opp.
[last ned PDFen for å sjå tabell]
Tabell 5: Dei viktigaste grunnane for avslag på søknadane.
Tala byggjer på søkeord i merknadene, og berre ein tredjedel av søknadene har merknad.
Det viktigaste hinderet ser ut til å vere søknadskvalitet og prosjektmodning, ikkje at behovet er mindre. Mange søknader har budsjett som ikkje heng saman, eller søkjer om ein urealistisk stor del av kostnaden. Det peikar mot eit behov for rettleiing om budsjett og finansieringsplan, og for hjelp til å kombinere ordningar som spelemiddel og lokale sparebankfond.
6 Analyse av utvikling og tendensar
Behovet i dei organisasjonseigde kulturhusa veks, og ordninga dekkjer berre ein liten del av det. Det søkte beløpet har omtrent dobla seg sidan 2020-2021, dei same tiltaka går igjen kvart år, og dei største prosjekta får minst støtte.
Behovet veks - og prosjekta blir større
Søknadstalet har halde seg på 60-90 i året sidan 2020. Det søkte beløpet har auka frå rundt 6 millionar kroner i 2020-2021 til 10-13 millionar kroner i året sidan 2022. Eit typisk prosjekt kosta 105-125 000 kr i 2019-2021, men om lag 200-230 000 kr i 2022-2025. Auken gjeld heile breidda: også dei minste prosjekta har vorte dyrare, og delen prosjekt over 500 000 kr har auka frå 10-17 % til 20-26 %. Byggjekostnadene har stige i same periode, men prisveksten forklarer berre ein mindre del av auken.
Vedlikehaldsbehovet blir ikkje løyst med éi tildeling
Tak og vindauge er blant dei vanlegaste tiltaka i alle periodar, og fasade og utvendig vedlikehald var særleg utbreidd i 2021-2022. 144 søkarar har søkt fleire gonger, og mange av dei søkjer om nye delar av det same huset år etter år. Materialet viser eit vedvarande etterslep på vedlikehald av bygningsskalet, som laga arbeider seg gjennom steg for steg.
Dei same behova går igjen år etter år
Tak, vindauge, universell utforming, kjøken og toalett har gått igjen kvart år sidan 2017. I tillegg kjem toppar som følgjer samfunnsutviklinga, som enøk etter straumkrisa i 2023, og toppar som følgjer temaordningane for universell utforming i 2024 og brannsikring i 2025.
Ordninga dekkjer berre ein liten del av behovet
Over perioden er om lag ein femdel av det søkte beløpet tildelt. Samanlikna med dei samla prosjektkostnadene frå 2018 dekkjer tildelingane under ein tiandedel. Dei største og mest kostbare tiltaka, særleg tak, har lågast tildelingsdel: under tre av ti prosjekt med totalkostnad over 250 000 kr fekk tilskot. Det er nettopp dei store vedlikehaldsbehova som blir ståande udekte.
Søknadene speglar ordninga, ikkje berre behovet
Ein firedel av dei avslåtte søknadene gjaldt under 50 000 kr, og i 2019-2021 var den vanlegaste tildelinga 10 000 kr. Fleire lag skildrar at dei deler opp arbeidet i etappar over fleire år. Då tildelingane auka frå 2022, auka også summane i søknadene. Frå 2024 er auken delvis forsterka av at dei fleste små søknadene ikkje lenger er med i materialet.
Ordninga gir i praksis anten fullt tilskot eller avslag, og det gjer det lønsamt å søkje om lite. Laga tilpassar difor storleiken på søknaden til kva dei trur er realistisk å få, meir enn til det faktiske behovet.
Temaordningane i 2024 og 2025 viser den same mekanismen frå andre sida: når ordninga peikar på eit tema, kjem det søknader om det. Søknadene gir difor eit bilete av behovet slik det blir melde inn, og det reelle behovet er truleg større.
7 Funn som er relevante for arbeid med rammevilkår
Regjeringa skal leggje fram ein nasjonal kulturarenastrategi hausten 2026. Materialet frå Sogn og Fjordane gir kunnskap om fleire av tema som strategien skal handsame. Hovudfunna er at behovet i husa er stort og i hovudsak gjeld vedlikehald, at tilskot i kombinasjon med rådgjeving utløyser store lokale investeringar, og at mange lag ikkje når opp fordi søknaden eller eigenfinansieringa ikkje strekk til.
Frivillig eigde bygg og spelemidlane
Våren 2026 bad Stortinget regjeringa greie ut ein eigen del til frivillige lag i den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg, eller på annan måte sørgje for at meir av midlane når fram til laga. Utgreiinga skal skje som ein del av arbeidet med kulturarenastrategien.
Spelemidlane til kulturbygg kan brukast til nybygg, ombygging og modernisering, men ikkje til vedlikehald. Vedlikehald av bygningsskalet – tak, veggar og vindauge – er det største behovet i materialet. Berre 48 av 604 søknader (8 %) oppgir at laget har søkt eller vil søkje spelemiddel. For mange av husa har tilskotsordninga i Sogn og Fjordane vore ei av få eksterne kjelder til finansiering av vedlikehald.
Få søknader gjeld akustikk og teknisk utstyr, som Kulturrom dekkjer. Det tyder på at ordningane i praksis dekkjer ulike behov.
Momskompensasjon for kulturbygg
Stortinget har også bede regjeringa vurdere ei eiga momskompensasjonsordning for organisasjonseigde kulturbygg, for kostnader til oppgradering, modernisering, energieffektivisering og universell utforming.
Søknadene har til saman om lag 129 millionar kroner i kjøp av tenester og materiell. Søkarane har ikkje momsfritak, så beløpa er i stor grad oppgitte med meirverdiavgift, som utgjer om lag 26 millioner kroner. For prosjekta som fekk tilskot, utgjer avgifta om lag 7 millioner kroner, rundt halvparten av det som vart tildelt. Momskompensasjon er ikkje med i finansieringsplanane. Ordninga har variert i perioden, han gjeld ikkje oppgradering og nybygg, og kompensasjonen kjem først i etterkant.
Universell utforming og energieffektivisering
Universell utforming går igjen i 82 søknader og enøk i 75. Då ordninga fekk ei eiga temaordning for universell utforming i 2024, kom det 27 søknader på feltet. Enøk-søknadene auka kraftig etter at straumprisane gjekk opp. Materialet viser at det er eit stort behov for å få eksisterande hus opp på ein grunnstandard på begge områda, og at behovet kjem tydelegast fram når ordninga spør etter det.
Lokal innsats og bereevne
Finansieringsplanane frå 2018–2025 viser at laga sjølve står for ein stor del av finansieringa. Til saman er det ført opp 27,3 millionar kroner i dugnad og 28,3 millionar kroner i eigne midlar, nesten 30 prosent av den samla prosjektkostnaden.
Søkarar som aldri har fått tilskot, står for 23,1 millionar kroner i avslåtte søknader, og prosjekta deira er ofte større enn prosjekta til dei som har fått tilskot. Materialet tyder på at dugnad og eigne midlar strekk til for mindre tiltak, men sjeldan for store og kostnadskrevjande tiltak som å skifte tak eller gjere huset tilgjengeleg for alle.
Rådgjeving
I Sogn og Fjordane blir tilskota kombinerte med rettleiing og oppfølging av laga. Frå 2018 til 2025 fekk 179 prosjekt til saman 13,9 millionar kroner i tilskot, medan den samla kostnaden for prosjekta var 54,6 millionar kroner. Kvar tilskotskrone utløyste dermed nesten fire kroner i lokal investering.
Dei vanlegaste grunnane til avslag er budsjett som ikkje heng saman, og søknader om ein for stor del av kostnaden. 77 av 206 søkarar som fekk avslag, har seinare fått tilskot, men ikkje nødvendigvis til same prosjekt. Det tyder på at kompetanse på søknader og budsjett har mykje å seie for om laga når opp.
Kartlegging og kunnskap
Rapporten byggjer på at Huset i Bygda over ti år systematisk har registrert søknader, tiltak og kostnader. Slik kunnskap finst ikkje i offentlege register. Husdatabasen omfattar i dag 5 535 organisasjonseigde kulturbygg, medan Anleggsregisteret har registrert 1 886. Husdatabasen og søknadsmaterialet kan dermed vere eit grunnlag for å kartleggje både kva hus som finst, og kva tilstand og behov dei har.
Fleire politiske dokument
Innspel til ny kulturarenastrategi (2026)
Det finst om lag 5 550 organisasjonseigde kulturbygg over heile landet. Dei fungerer som kulturarenaer, forsamlingslokale og sosiale knutepunkt i lokalsamfunna. Dei er eigd og drive av frivillige lag og organisasjonar. Mange er bygd og utvikla gjennom generasjonar med frivillig arbeid og lokal finansiering. Dei representerer store økonomiske og kulturelle verdiar, men mange av organisasjonane som eig dei har svært avgrensa økonomisk og administrativ kapasitet. Noregs Ungdomslag meiner dette må vere eit sentralt utgangspunkt for kulturarenastrategien.