Hopp til hovedinnhold

Årets lokallag 2023

Du kan no sende inn nominasjon til Årets lokallag 2023!

Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomlag vart delt ut for fyrste gong under landsmøtet i 2023.

Bakgrunn for oppretting av prisen er å heidre og framsnakke arbeidet lokallaga våre gjer kvar dag for å skape gode lokalsamfunn. Men prisen følgjer diplom og ein pengepremie på 10 000 kroner.

I vurderinga legg vi vekt på lag som bidreg gjennom gode og varierte aktivitetar til å skape gode fritidstilbod, og ikke minst samhald og inkluderande møteplasser uavhengig av alder. Aktiv deltaking i fylkeslaga er og eit pluss.

No kan du nominere eit lag du meiner fortjener prisen.

Årets lokallag 2022

Då prisen vart delt ut for fyrste gong under landsmøte til Noregs Ungdomslag i år var det Kløvheim Ungdomslag som stakk av med sigeren. Grunngjevinga frå juryen var:

Laget viser gjennom stemmetala at dei har eit svært engasjert lokalsamfunn i ryggen, med nesten 50% av stemmene!

Dette er eit lag har hatt positiv medlemsvekst dei siste åra, men som òg engasjert i fylkeslaget, og tek med dette eit ansvar også utanfor si eiga bygd.

I tillegg til at stemmegivinga gjorde stort inntrykk på juryen, er vi imponert over både bredde og omfang i aktivitetsnivået, som òg viser god dugnadsvilje. Laget har sunn økonomi, eit godt drevet ungdomshus og viser òg at de er flinke til å søke om tilskot til aktivitetar. Laget feira 100-års jubileum i 2022 og kan fortsette feiringa med at de er årets lokallag i 2023!

Dei andre nominerte var Leikarringen Frøy og Iveland Ungdomslag.

Fleire aktualitetar

Sjå alle