Bli med på ISLEK i juli
Folkedans- og folkemusikkfestivalen ISLEK arrangerast på Island i sommar. Blir du og laget ditt med?

14.-20. juli 2025 arrangeras folkedans- og folkemusikkfestivalen ISLEK, litt utanfor Reykjavik på Island. ISLEK er ein del av Nordlek-organisasjonen sitt arrangement, og det er ein slags miniutgåve av dei større festivalane som blir kalla NORDLEK. ISLEK feirer 50-årsjubileum i 2025 og håpar at mange frå Noreg og resten av Norden vil delta på feiringa!
På ISLEK blir det mykje dans, musikk, draktutstilling, konsertar, framsyningar, kurs, utfukter mm. Det blir tilbod om skuleovernatting på stemnearenaen og gode alternativ for alle måltid.
Meld deg på før 20. mars!
Lag, grupper og enkeltmedlemmer kan melde seg på til ISLEK, og får rabattert pris gjennom å vera medlem i Noregs Ungdomslag. I år er det ingen kvote på kor mange som får delta eller sentral påmelding, så her er det berre å melde seg sjølv og gruppa si på som deltakarar i festivalen direkte til ISLEK-arrangøren innan påmeldingsfristen. Fristen er torsdag 20. mars!
Er du nysgjerrig på program og vil lese meir om ISLEK?
Vi håpar mange frå Noregs Ungdomslag vil bli med til ei fin veke på Island!

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026

