Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

Nyheiter

Kom med innspel til nytt folkedansråd

Kom med innspel på kandidatar til nytt folkedansråd!

Ungdom som dansar

Vi treng dine innspel til kven som bør veljast inn i det nye folkedansrådet! Det siste året har to frå styret og ein frå administrasjonen i NU vore rådet, og no er det på tide å velje eit nytt råd. 

Vi er på utkikk etter to personar frå folkedansverda som kan vere med å rådgi kontoret og styret i folkedanssaker, kome med innspel på kurs, instruktørar, arrangement og vere med å planlegge og gjennomføre folkedansnettverkssamling og nettverksmøte.

Har du innspel til kven dette bør vere? Eller er du interessert sjølv?

Send inn ditt innspel via dette skjema innan fristen sundag 17. November!

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Kom med innspel til nytt folkedansråd | Noregs Ungdomslag