Kven Veit? 2026: Resultat etter 1. runde
Første tevlingsrunde med Kven Veit? 2026 er gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Vi har gått gjennom svara og kan avsløre kven som seglar opp i ei foreløpig leiing.

Det er fleire lag som knivar tett i toppen etter første runde. To lag deler førsteplassen, tre delar andreplassen, og to delar tredjeplassen. Men det er to runder til, så her kan mykje skje ennå!
Pallplasseringa ser foreløpig slik ut:
1. plass (27 poeng):
- UL Prøven Lærarlaget
- Fjelli UL Lag A
2. plass (26 poeng):
- BUL Ervingen Lag A
- BUL Oslo Teaterlaget
- Innstranda UL Lag B
3. plass (25 poeng):
- Fjærland UL Bøyum Camping
- Skodje Frilynde UL Lystig
I år er det 77 lag med i tevlinga. Fristen for å levere inn svara til andre tevlingsrunde er 6. mars.
Lukke til!

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026

