Kven veit: Litle fuglen kvitrar igjen
Resultata for Kven veit runde to er no tilgjengelege og lista er lagd ut på verdsveven!

Etter at Songlaget Litle fuglen og Lag A i Hordalaget i Oslo delte på topp-plasseringa med 23 poeng kvar i første runde, har Songlaget Litle fuglen no rykt frå og ligg åleine på toppen med totalt 46 poeng.
Laget Jentebølgen i Skodje frilynde ungdomslag har no rykt opp til andreplass, og er det laget som har sanka flest poeng i andre runde. Dei skarpe skallane i Jentebølgen fekk heile 26 poeng i andre runde, og ligg no på 44 poeng totalt. Det er altså berre to poeng som skil første- og andreplassen etter to rundar.
Vidare på lista kjem Lag A i Hordalaget i Oslo på tredje (43 poeng), Teaterlaget i BUL Oslo og Bøyum Camping i Fjærland ungdomslag på delt fjerdeplass ((42 poeng kvar), og Lag A i Bergen ungdomslag Ervingen, Lag A i BUL Kristiansand og Lag A i Hugnad Ungdomslag har alle tre 41 poeng, og deler dermed på femteplassen.
Heile lista for runde to kan du sjå her.

Fleire aktueltsaker
Sjå alle
Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag
Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.
7. oktober 2026


Minnepris 2026 til ung hardingfeleutøvar frå Kvam
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2026 er tildelt Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.
6. oktober 2026


Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.
29. september 2026

