Nyheitsbrev – haustsemesteret i NU er i gang
Hausten i NU er i gang, og her deler vi nokre datoar frå nyheitsbrevet 26. august.
Webinar om vaksenopplæringsmidlar 7. september
Vi inviterer til webinar om vaksenopplæringsmidlane 7. september klokka 18.00. Her kan du lære meir om korleis ditt lokallag kan få støtte til dykkar aktivitet. Kurset er gratis og ope for alle.
Liv Skogstad Mikalsen i Studieforbundet kultur og tradisjon fortel om rammene for desse midlane og gir ei innføring i den nye kursportalen.
Om kurset seier Mikalsen at målet er å bevisstgjere deltakarane på lagets opplæringsaktivitet, støtteordningane rundt denne og gi innblikk i den nye Kursportalen, det digitale verktøyet for søknad og rapportering av opplæringsaktiviteten.
I tillegg ønsker ho å møte lokallaga i organisasjonen, bli litt betre kjend og gi laga ei sterkare tilknyting til studieforbundet.
– Og sjølvsagt – motivere til å halde kurs og auke lagsaktiviteten og søke kursstøtte for aktivitet de allereie har i laga, legg ho til.
Kurset foregår på den digitale plattformen Zoom, og lenke blir delt i god tid før kurset.
Grunnleggande instruktørkurs i folkedans 24.-25.september i Trondheim
I samarbeid med Bondeungdomslaget i BUL Nidaros, arrangerer Noregs Ungdomslag eit nasjonalt grunnleggande instruktørkurs i Trondheim helga 24.-25. september 2022. Kurset går over om lag 12 timar laurdag og søndag.
På kurset lærer du dansar og metodar for å lære bort dansane, og du lærer også om verktøy du kan bruke når du er instruktør og om kjeldekritikk knytt til verktøya.
Gjennom kurset lærer du om kva språk og terminologi som blir brukt i dei ulike dansefamiliane og refleksjon rundt dette. På kurset vil ein i hovudsak ta utgangspunkt i runddansar og Rørospols.
Det blir lagt til rette for diskusjon, refleksjon og erfaringsdeling mellom kursdeltakarane. Det kan også bli mogleg for deltakarane å prøve ut ulike metodar for instruksjon undervegs i kurset.
Instruktør er Torill Jørgensen og musikar er Jørgen Bønstu Nyrønning.
Kurset finn stad på BUL-hytta til BUL i Nidaros.
Påmeldingsfristen er 7.september.
For påmelding og meir informasjon.
Frifond-tilskot 2022/2023
Søknadsfristen for Frifond er 15. september. Om laget har starta opp, eller har planar om å starte opp tilbod for barn og ungdom, må lage søke om frifondtilskot.
Last ned søknadskjemaet på https://www.ungdomslag.no/sok-pengar/frifond/, fyll ut skjemaet og send det inn til post@ungdomslag.no.
Tilskotet skal nyttast til lokal aktivitet for barn og unge som skjer i perioden 31.10.2022-31.10.2023.
Fristen for å søke Kulturrom-støtte, er 1. september!
De har høve til å søke om økonomisk støtte til innkjøp av teknisk utstyr og utbetring av lokale gjennom tilskotsordninga til Kulturrom. Neste søknadsfrist er 1. september, altså allereie i neste veke, og her er det berre å hive seg rundt!
Du kan lese meir om ordninga på:
https://www.kulturrom.no/
Tips til korleis du kan skrive søknaden:
https://www.kulturrom.no/hvordan-soke/
For å fylle ut søknaden, kan du gå inn her:
https://skjema.kulturrom.no/login
Fagdagane i bunad og folkedrakt 12. – 13. september
Fagdagene i bunad og folkedrakt 2022 blir arrangert på Scandic hotell på Fagernes 12.-13. september. Temaet i år er bunad og berekraft. Påmelding skjer via Norges Husflidslag, og er framleis open. Ordinær pris for å delta, er 3 000 kroner.
Meir info og lenke til påmelding finn du her: https://bunadogfolkedrakt.no/fagdagene
Fagdagar i regi av Hilmarfestivalen
16. og 17. september er det fagdagar i regi av Hilmarfestivalen på Steinkjer. Her er mykje spennande som kan vere aktuelt for lokallaga våre. Mellom anna er det fagsamling for eigarar av kulturhus og samfunnshus laurdag 17. september i regi av Huset i Bygda. Sjå her for heile programmet.
Påmelding til fagsamlinga kan de sende til: torunn@hilmarfestivalen.no
Tips til støtteordningar:
Nettsida ungfritid.no har samla tips til støtteordningar for deltaking i fritidsaktivitetar.
Sida med tips finn der her: https://stotte.ungfritid.no/
Søk om å få bruke barneteatermanusa frå Hugin og Munin gratis
Vi minner om at de har høve til å søke om å bruke manus til teatergrupper i alderen 9–15 år gjennom manusprosjektet Hugin Munin, heilt gratis!
Det er skrive fem manus for aldersgruppa 9-15 år i det nordiske manusprosjektet Hugin og Munin. Her deltar Noregs Ungdomslag saman med norske, svenske og finske amatørteaterorganisasjonar. Manusa er skrivne av norske, svenske og Finland-svenske dramatikarar i dialog med barn i målgruppa.
I prosjektperioden vil fleire barne- og ungdomsteatergrupper i dei tre landa få spele teaterstykka gratis.
Les meir på nettsida til prosjektet: https://huginmunin.nu/manus/
Du kan òg lese ei sak om prosjektet på heimesida vår.
Spørsmål kan du sende til: huginmunin@dramas.no
Landsrådsmøte
Det blir landsrådsmøte i Bodø helga 22.-23. oktober. Meir informasjon om program og påmelding kjem i ein eigen epost. Landsrådet er eit rådgivande organ for styret, samansett av fylkeslagsleiarane. Fylkeslaga har møteplikt på møtet.
Noregs Ungdomslag deltok på Arendalsveka
Arendalsveka er den største møteplassen i det norske demokratiet, og på vel 1 700 arrangement over fem dagar møtest organisasjonsliv, det offentlege og politikarar til debattar og samtalar.
I år var Noregs Ungdomslag medarrangør på paneldebatten "Hvor bærekraftig er nå bunaden, egentlig?", der vi fekk vite meir om den planlagde miljømerkeordninga av klede i EU.
Rådgivar for kulturbygg Christoffer Knagenhjelm snakka om dei lokale kulturbygga, under debatten "Kultur og frivillighet trenger et sted å være".
Generalsekretær Magni Hjertenes Flyum deltok på fleire politikarmøte der viktige saker for Noregs Ungdomslag vart løfta fram.
Her kan du lese meir om paneldebatten "Kultur og frivillghet trenger et sted å være", og her forklarer Ingun Grimstad Klepp korfor den planlagde miljømerkeordninga til EU ikkje held mål når det gjeld tekstilbransjenog ønsker du å sjå sjølve debatten om bunad og berekraft, kan du sjå han på Youtube her.
Om de vil lese heile nyheitsbrevet vi har sendt ut på mail 26. august, finn de det her.
Fleire aktualitetar
Sjå alleFagdagane engasjerte
Fagdagane i bunad og folkedrakt er årets høgdepunkt for alle i bunadbransjen. Årets arrangement fann stad i Asker siste veka i oktober, og samla kring 130 bunadsfolk. Mellom dei var både bunadtilverkarar, representantar for organisasjonar, leverandørar og heilt vanlege entusiastar.
1. november 2024
Kastar kleda for kreftsaka
Mannfolka i Fjærland Ungdomslag vedtok å gi det litle ekstra i år – eller eventuelt kaste det «litle ekstra» for ei god sak. I kalenderen for 2025, der halvparten av inntektene skal gå til Kreftforeningen, får du nemleg sjå 16 av Fjærlands stolte søner, like naken som dagen dei vart fødd.
27. oktober 2024
Pepperkakehuset i bygda
Julekampanje i Noregs Ungdomslag – Pepperkakehuskonkurranse! For å feire både at dei nye nettsidene til lokallaga snart kjem og verdien av Huset i Bygda, inviterer vi alle lokallag i heile landet til ein kreativ og smakfull konkurranse – lag ditt eige pepperkake-ungdomshus!
23. oktober 2024