Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

Nyheiter

Prisdryss til Dag Vårdal og Arne og Asbjørg Sølvberg

Kvart år deler Norsk senter for folkemusikk og folkedans ut to gjeve prisar i folkemusikk- og folkedansmiljøet. I 2021 vart prisane delt ut under representantskapsmøtet 24. september i Oslo. Vi kan med glede fortelje at NU har medvirka til å nominere inn båe kandidatane til dei to prisane som vart delt ut i haust.

F.v.: Solveig Brekke Hauknes (folkedansrådgjevar i Noregs Ungdomslag), Dag Vårdal (prisvinnar) og Torbjørn Bergwitz Lauen (leiar i Noregs Ungdomslag). Foto: Kai Roger Vatne

Fagpublikasjonsprisen gjekk denne gongen til Dag Vårdal! Dag fekk prisen for sitt imponerande arbeid med utgjevinga Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet. Verket består av fleire delar med både historie, dansebeskrivingar, notar og musikk. Ta kontakt med oss (eller Kultivator) dersom du ynskjer å kjøpe verket.

Dag har fått mykje merksemd og prisar dei siste åra, seinast som nyutnemnd heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i april 2021. Sjå nedst på sida for filmen vi fekk laga i samband med heidersmedlemsutdelinga tidlegare i år.

Les meir hjå Sff om prisen her.

Prisen for folkemusikk og folkedans gjekk i år til Asbjørg Hustveit Sølvberg og Arne M. Sølvberg for mellom anna det lange og trofaste arbeidet med folkedansopplæring lokalt i Fjelli UL. Denne prisen vert gitt til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats på folkemusikk- og/eller folkedansfeltet.

Lenger ned på denne sida kan du sjå eit gjensyn med portrettfilmen vi laga i samband med Folkepedia-innspelinga i Stryn i 2017. Her får du eit innblikk i korleis prismottakarane har jobba med danseopplæring i Fjelli Ungdomslag.

Les meir om prisen hjå Sff her.

Vi i Noregs Ungdomslag gratulerer så mykje til alle prismottakarane våre, og takkar for det gode arbeidet dei gjer for folkemusikken og folkedansen lokalt og nasjonalt.


Her kan du sjå film av Dag Vårdal.

Her kan du sjå film av Asbjørg og Arne Sølvberg.

Fleire aktueltsaker

Sjå alle
Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Regjeringa kuttar nær éin million til Noregs Ungdomslag

Regjeringa har foreslått å redusere løyvinga til Noregs Ungdomslag med 905 000 kroner. Kuttet vil direkte påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for tusenvis av frivillige som eig og driftar lokale kulturbygg over heile landet.

7. oktober 2026

Biletet viser ein mann som står på ein stige og koplar til ledning i veggen. Det står ein anna mann framfor han og ser på kva han gjer.

Ny rapport: Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt

Sidan 2016 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda delt ut 15,3 millionar kroner til ungdomshus, grendahus og samfunnshus i fylket. Ein ny rapport viser at kvar krone har utløyst nesten fire kroner i lokal investering.

29. september 2026

Prisdryss til Dag Vårdal og Arne og Asbjørg Sølvberg | Noregs Ungdomslag