- Nyttig for laga
Rationelt Fjøsstell i ny drakt
I høve Noregs ungdomslag si 125års-feiring, laga Noregs Ungdomslag i samarbeid med Olaug Nilssen ei omskriving av teaterstykket Rationelt Fjøsstell.

Noregs Ungdomslag si 125års-feiring i 2021 vart markert med ulike aktivitetar og utgivingar. Ein av desse var omskrivinga av teaterstykket Hulda Garborg skreiv i 1896, Rationelt Fjøsstell, same år som NU vart skipa. "Rationelt Fjøsstell" har hatt stor betyding for teaterarbeidet i NU, og er eit av dei stykka som har blitt sett opp flest gonger i Noreg.
Vi ville skrive om stykket slik at det passa inn i notida, og fekk med oss forfattar Olaug Nilssen med på laget. Ho er blant anna dama bak romanen “Få meg på, for faen” som seinare vart til ein populær spelefilm med same namn.
Om stykket Rasjonelt fjøsstell
Det viktigaste i stykket er at Anne vil selje garden, medan sonen Ingar vil overta garden og legge om drifta til gardsturisme. I Olaug sin variant er det vindkraftutbygging som er grunnen til at Anne vil selje, dette kan de lett byte med noko som høver betre for dei lokale forhold. Det same gjeld surfinga til Janne Pederesen, det kan vere andre fasilitetar i bygda ho har interessert seg for – men her heng vindkraftutbygginga saman med moglegheit for surfing.
Handlinga finn stad i ein norsk småby/bygd og tida er sett til 2022.
I staden for dialekt, er heile teksten skrive på nynorsk. Når teksten skal framførast (til dømes i ungdomslaga), brukar de sjølvsagt dialekta i den aktuelle bygda.
Denne nye versjonen av stykket gir med andre ord godt med rom til tilpassingar etter kva som passar ditt lokallag eller di bygd best.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Frivilligdagen
I dag er det FNs internasjonale dag for frivilligheit. Vi vil nytte høve til å seie takk for innsatsen de legg den i laga rundt om i landet.
5. desember 2023


Årets lokallag 2023
Du kan no sende inn nominasjon til Årets lokallag 2023!
1. desember 2023


Meld dykk på Kven Veit? 2024
Påmeldinga for Kven Veit? 2024 er no open. Påmeldingsfrist 9. januar.
27. november 2023
