Hopp til hovedinnhold

Momskompensasjonfrist: 1. juliLes meir og søk her

Nyheitsbrev for lokallag

Lagsnytt frå Noregs Ungdomslag 3. juli

4. juli 2026

Frå folkemusikklubben under årets sommarleir!

Endå eit aktivt halvår i Noregs Ungdomslag går mot slutten. Rundt om i landet har de skapt møteplassar, arrangert kurs og gitt både barn, unge og vaksne gode opplevingar. Nå håper vi de får tid til å senke skuldrene litt, nyte sommaren og hente ny energi til ein innhaldsrik haust.

Med sommarleiren vel gjennomført og ferien framfor oss, er det på tide med eit siste Lagsnytt før sommaren. Dei siste dagane har over førti ungdommar vore samla på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik; dei har kost seg med kurs, utflukt , nye vennskap og mykje latter. Vi tek med oss mange gode minne frå teater og folkedans, til bunadsbroderi, spel og den heilt nye folkemusikklubben. Her fekk deltakarane først eit kræsjkurs i gangar, springar og bhangra. DJ Jonas frå Klubb Komle kom heilt frå Bergen, og det vart dans, biljard og bordtennis til seint på kvelden. Mens alle no er på veg heim, kvar til sett, gler vi oss allereie til neste sommarleir, som blir arrangert på Solbakken Folkehøgskole i Skarnes 29.juni - 3. juli 2027!

NU-kontoret tek òg sommarferie. Sentralbordet held stengt i juli, og post@ungdomslag.no blir følgt opp sporadisk. Er det noko som ikkje kan vente kan de kontakte generalsekretær på 93 42 27 56.

Men først, her er nokre saker det kan vere greitt å få med seg før sommaren for alvor tek til.

Momskompensasjon 2026

1. juli var det frist for å søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2025. Vi takkar til alle som har sendt inn søknad. Vi jobbar på spreng med å gå gjennom alle, og de vil ein etter ein få tilbakemelding på søknaden, mest truleg i løpet av dei neste vekene.

Lag som har feil og/eller manglar i søknaden sin vil og bli kontakta, med ny frist for å rette opp dette.

Ny medlemsfordel: Dansebutikken.no

Som medlem i Noregs Ungdomslag får du 10% rabatt på alle varer hjå Dansebuutikken.no, også salsvarer.

Bruk rabattkoden NU2026 når du handlar, og finn skoa du treng til både folkedans, swing, tango, jazz og meir!

Les meir om den nye medlemsfordelen her!

Rådgjeving og verktøy for husa 🏡

Driv de eit ungdomshus, grendahus eller ein anna møteplass?
Gjennom eit etablert og godt samarbeid mellom Noregs Ungdomslag og Socentral sitt prosjekt Arena for Nabolagshus kan de få gratis rådgjeving om alt frå dugnad og aktivitetar til søknadssskriving og utfordringar knytt til drift av huset.

📆 Book rådgjeving: nabolaghus.no/sparring

🛠️ Utforsk den digitale verktøykassa: nabolaghus.no/verktoykasse

Vil du ha plakatutstilling under Fagdagar i bunad og folkedrakt?

Vi inviterar elevar, studentar, lærlingar og nyutdanna innan bunad- og handverksfag til å ha si eiga plakatutstilling under Fagdagane der du kan vise fram arbeidet ditt, få synlegheit i fagmiljøet og knyte kontaktar. Ta kontakt med Lelia Belle Houbé ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt for meir informasjon: lelia.hoube@bunadogfolkedrakt.no

NU under Arendalsveka

I år samarbeider Noregs Ungdomslag med fleire andre organisasjonar om fire arragement under Arendalsveka. Velkomen innom!

📆 10.- 14. august

📍 Arendal

🔗 Les meir her.

Juniorinstruktørkurs

Er du ung og nyskjerrig på instruktørrolla? På dette instruktørkurset kan du lære korleis du leier og inspirerer barn i dans. Kurset gir både dansereportoar og gode pedagogiske verktøy.

📆 12.- 13. september

📍 Voss

🔗 Les meir her.

Basiskurs i leiing og regi

Bli med på basiskur si leiing og regi under Teaterdagane, med Shwan Wahed. Kurset gir ei praktisk innføring i rolla som instruktør og i arbeidet mot ei framsyning. Teaterdagane blir arrangert av Norsk Amatørteaterforbund, men alle NU-medlemmar får medlemspris på alle kurs. 10% rabatt ved påmleding før 1. juli

📆 18.- 20. septemer

📍Lillehammer

🔗 Les meir og meld deg på her.

NU-helga 2026

Til hausten blir NU-helga i Trondheim med BUL Nidaros som lokalt vertskap og samarbeidspartnar. Det blir ei helg med både fagleg og kulturelt program, kurs og landsrådsmøte. Detaljert program og invitasjon kjem etter sommaren.

📆 16.-18. oktober

📍Trondheim

🔗 Informasjon blir oppdatert her etterkvart.

📆 Dette skjer i 2026 📆

  • 21.-26.juli: BARNLEK2026 (Raseborg, Finland)
  • 1.-2.september: Fagdagane i bunad og folkedrakt (Fagernes)
  • 18.-20.september: Basiskurs i leiing og regi (Lillehammer)
  • 14.oktober-11.november: Bunadskurs: sy skjorta di sjølv (Oslo)
  • 30.oktober-1.november: FolkLeiarUng-samling

Du finn alltid den nyaste informasjonen om Noregs Ungdomslag sine arrangement på ungdomslag.no.