Hopp til hovedinnhold
Nyheitsbrev

Lagsnytt frå Noregs Ungdomslag 30. mars 2026

30. mars 2026

🐣 God påske

I dette nyheitsbrevet finn du litt informasjon knytt til landsmøtet som finn stad i Oslo i veke 16. Det er og informasjon knytt til andre fristar og arrangement.

Med dette nyheitsbrevet tek NU-kontor påskeferie og sentralbordet stenger. Vi er tilbake 7. april. Er det noko som ikkje kan vente til då kan de ta kontakt med generalsekretær Magni (934 22 756). E-postinnboksen bli opna sporadisk!

Vi håper alle brukar den kommande veka på å ete kvikk lunsj, nyte dei solstrålane som kjem og lade batteria.

🎉 Historisk gjennomslag for kultyrbygg

Ein stor siger for frivilligheita skjedde rett før påske: Stortinget har fleirtal for momskompensasjon til organisasjonseigde kulturbygg! Dette er ei historisk og gledeleg annerkjenning av den enorme innsatsen som blir lagt ned lokalt i ungdomshusa. Dette må feirast, les heile saka og bli med på jubelen her!

Utvida påmeldingsfrist

Vi har utvida påmeldingsfristen til landsmøte slik at de no kan melde dykk på til og med 6. april. Grunna kapasitet på hotellet kan vi ikkje garantere overnatting på landsmøtehotellet til dei som melder seg på etter ordinær påmeldingsfrist, som var 25. mars.

Landsmøteseminar

Kjem du til byen fredag? Då har vi fleire seminar du kan delta på. Frist for å melde seg på desse er sundag 12. april.

Les om seminara og meld deg på her.

Sommarleiren 2026

Vi minner om at påmeldingsfristen til årets sommarleir er 1. mai.

Årets sommarleir gir kurs i folkedans, teater, linedance, spel eller heilt andre ting. Leiren finn stad frå 29. juni til 3. juli i Ulsteinvik. Sommarleiren er staden der nye minne og vennskap blir til, meld på dine ungdomsmedlemmar idag!

Les om leiren og påmelding her.

Søk gjesteinstruktør for hausten 2026

Skal de arrangere kurs i løpet av hausten og vil ha besøk av ein instruktør?
Søk innan 1.mai på gjesteinstruktørordninga vår for kurs gjennomført mellom 1.august og 31.desember 2026.

Les meir og send inn ein søknad her.

Dei nominerte til årets lokallag er no annonsert, og dei nominerte laga er

  • Fjærland Ungdomslag
  • Hallinglaget i Oslo
  • Nidelv Ungdomslag
  • Nybrott Ungdomslag
  • UL Fram

Du kan lese om dei nominerte og stemme på den favoritt her.