Kva slags sko bør eg bruke til folkedans?
Kva slags sko er eigentleg best til folkedans? Nokre sver til tradisjonelle lærsåler, medan andre ikkje vil danse utan moderne gummisåler. Her får du hjelp til å finne skoa som passar best for deg og di dansing.

Det finst ikkje eitt rett svar på kva slags sko som er best til folkedans. Går du på eit større folkedansarrangement, vil du sjå alt frå tradisjonelle bunadsko med lærsåle til moderne dansesko og vanlege fritidssko med gummisåle.
I dag kan ein kanskje seie at det finst to ulike «skular» blant folkedansarar:
- Dei som vil ha sko med lærsåle.
- Dei som vil ha sko med gummisåle.
Båe delar fungerer godt til folkedans, og valet handlar i stor grad om kva du trivst med, kva slags dans du driv med og kva slags golv du oftast dansar på.
Det er òg verdt å tenkje over om du ønskjer å bruke dei same skoa til bunad. I så fall er svarte sko ofte det mest praktiske valet. Mange vel òg å trene i dei same skoa som dei bruker på kappleik eller oppvising, slik at dei blir godt vande med dei.
Sko med lærsåle
I mange år var bunadsko med lærsåle det naturlege valet for folkedansarar. Den randsydde bunadskoen frå Braatens vart nærast standardutstyr for norske folkedansarar og var den første masseproduserte danseskoen her i landet. Produksjonen av Braatens-skoa tok diverre slutt i 2007.
Framleis er det mange som sver til lærsåler. Dei gir god glid på tregolv og gjer det lett å snu og dreie utan å belaste kne og ankel unødig. Er skoa du kjøpte for glatte, finst det metodar for å «fikse» sålen slik at du får litt meir friksjon.
Skal du bruke vanlege pensko til dans, er det ikkje berre sålen som betyr noko. Mange fine dressko er laga i stivt lær og er først og fremst utvikla for å sjå elegante ut. Til dans er mjukare skinn ofte langt meir komfortabelt og let foten arbeide friare.
Fordelar med lærsåle
- Glir lett på dei fleste danselokale med tregolv.
- Gjer det enklare å snu og rotere.
- Mange opplever at dei gir ei god og «tradisjonell» dansekjensle.
- Er framleis førstevalet til mange erfarne dansarar.
Ulemper med lærsåle
- Kan bli for glatte på enkelte golv.
- Toler dårleg vatn og fukt.
- Er mindre eigna til utandørs bruk og på grus eller asfalt.
- Gir ofte mindre demping enn moderne sko.
Døme på sko med lærsåle
- Bunadsko frå Klaveness eller Solhjell (hugs å velje lærsåle dersom skoa skal bli brukt til dans).
- Dansesko frå svenske Skotjänst.
- Dansesko frå svenske Skråmträsk.
- Teglborg treningssko frå Danmark.
- Rumpf Mario dansesko.
- Ulike dansesko frå spesialbutikkar som Dansebutikken.no – hugs at alle NU-medlemmar får 10% rabatt!
Vegar Vårdal trekkjer fram skoa frå Skotjänst som sine favorittar og fortel at han framleis bruker eit par han kjøpte i 2001.
Sko med gummisåle
Dei siste åra har stadig fleire folkedansarar gått over til sko med mjuke gummisåler. Mange nyttar heilt vanlege fritids- eller joggesko med flate såler.
Særleg er ulike modellar frå Ecco blitt svært populære blant folkedansarar.
Fordelar med gummisåle
- Gode allbrukssko som kan brukast både inne og ute.
- Gir meir demping og støtte for føtene.
- Fungerer godt på mange ulike underlag.
- Kan vere meir skånsame ved hopp og landingar.
Ulemper med gummisåle
- Kan gi for mykje friksjon på enkelte golv.
- Nokre opplever at det blir tyngre å snu og rotere.
- Gir ikkje den same kjensla av glid som lærsåler.
Mange hallingdansarar har valt gummisåler nettopp på grunn av dempinga. Martin Myhr fortel at han slutta å bruke bunadsko til halling for snart 40 år sidan fordi han opplevde belastninga ved hopp og landingar som for stor.
Populære modellar
- Ecco Soft 2.0 (særleg populær blant kvinner).
- Ecco Irving og liknande snøresko (populær blant menn).
- Rumpf Twist Sneakers.
- Bleyer swingsko.
- Andre fritids- eller joggesko med flate gummisåler.
- Ulike dansesko frå spesialbutikkar som Dansebutikken.no – hugs at alle NU-medlemmar får 10% rabatt!
Tone Ingvaldsen fortel at ho har prøvd fleire ulike dansesko, men stadig vender tilbake til Ecco Soft 2.0:
«Eg er ikkje så glad i lærsåle då eg synest dei kan bli for glatte. Eg dansar mykje både inne og ute og i all slags vêr, så eg treng litt allbrukssko.»
Hæl eller flate sko?
Valet handlar ikkje berre om lærsåle eller gummisåle. Mange dansarar har òg sterke meiningar om hæl.
Nokre føretrekkjer heilt flate sko fordi dei kjenner seg stabile og opplever dei som gode til lausdans og ulike triks. Andre meiner ein låg hæl gir betre balanse og gjer det lettare å danse teknisk godt, særleg i pardans.
Her finst det heller ingen fasit. Det viktigaste er å prøve ulike løysingar og finne det som fungerer best for deg.
Kva bør du velje?
Det viktigaste er at du finn sko som passar til føtene dine, den dansinga du driv med og dei golva du oftast dansar på.
Før du kjøper sko, kan det vere lurt å tenkje gjennom:
- Dansar du mest inne på tregolv eller ute på ulike underlag?
- Dansar du mykje halling eller andre dansar med hopp og belastning?
- Føretrekkjer du å gli litt på golvet, eller likar du meir feste?
- Vil du ha gummisåle eller lærsåle?
- Føretrekkjer du låg hæl eller heilt flate sko?
- Skal skoa òg brukast saman med bunad?
- Treng du eitt par sko til alt, eller kan du ha fleire par?
Mange erfarne folkedansarar har faktisk fleire par sko og vel etter kva slags dans og golv dei skal bruke.
Mange ønskjer òg sko som fungerer både på dansegolvet og til og frå øving eller fest. Finn du eit par som både er gode å danse i og som du trivst med til kvardags, blir dei gjerne brukte oftare. Samtidig er det lurt å skåne både sko og dansegolv mot regn, snø og grus ved å byte til andre sko når du kjem fram.
Eit spørsmål om smak, ikkje om rett og gale
Diskusjonen om kva som er dei beste skoa dukkar jamleg opp i folkedansmiljøet. Men det finst ingen fasit.
Det viktigaste er at skoa fungerer for deg og gjer at du kan danse lenge og med glede. Tradisjonar endrar seg, og folkedansen har alltid teke i bruk nytt utstyr når det har vore praktisk.
Det viktigaste er ikkje kva slags sko du har på føtene, men at du kjem deg ut på dansegolvet.
Bonus: Barfotsko?
Det finst òg dei som foretrekker å bruke barfotsko med brei tå. Til dømes fører amerikanske/greske Harlem Shoes og tyrkiske Aintap Workshop ulike sko som kan passe til folkedans. Dette er framleis eit nisjeval blant norske folkedansarar, men kan vere verdt å sjå nærare på dersom du ønskjer størst mogleg rørslefridom for foten.
Desse har bidratt med kunnskap, innspel og refleksjonar i arbeidet med artikkelen: Anbjørg M. Bergwitz, Frederick Deverill, Martin Myhr, Siri Mæland, Stian Roland, Tone Ingvaldsen, Torbjørn B. Lauen og Vegar Vårdal.
Fleire rettleiingar

Husdrift
Huset i Bygda: Brannsikring
Her finn du den digitale utgåva av magasinet Huset i Bygda: Brannsikring.


Lov for fylkeslaga
Alle fylkeslag må ha eigne lover. NU har utarbeidd eigne mønsterlover som kan nyttast dersom ein skal utarbeide nye eller revidere eksisterande lover. På landsmøtet i 2011 blei det vedteke nye mønsterlover for fylkeslag, og desse blei noko justert på landsmøtet i 2012 og 2016.