Hopp til hovedinnhold

Sommarleiren 2026Påmeldingsfrist 15. maiLes meir og meld deg på her!

Digitalt møte: Søknadsskriving

I dette nettmøtet skal vi dykke ned noko som mange av oss kjenner både som ei utfordring og ei moglegheit; kunsten å skrive ein søknad som faktisk får napp.

  • Digitalt

Enten du vil pusse opp ungdomshuset, skifte taket før vinteren kjem, eller fylle huset med nye, levande aktivitetar, så handlar det om å fortelje historia di på ein måte som gjer at andre får lyst til å vere med. Vi skal sjå på korleis du byggjer opp ein søknad, kva som får tilskotsgivarar til å stoppe opp og lese vidare, og ikkje minst, korleis du viser kor viktig ungdomshuset er for lokalsamfunnet. Så finn deg kaffikoppen, slå på kameraet om du vil, og gjer deg klar. Vi håper dette kan bli både praktisk, inspirerande og nyttig!

Dato og tidspunkt: Onsdag 12. november kl. 19.00 - 20.00.

Nettmøte finn stad på den digitale møteplassen Teams og krev påmelding. Møtelenke blir sendt ut til påmeldte deltakarar på møtedagen.

Fleire arrangement

Sjå alle

Gol Ungdomslag

Hussamling på Gol

Vonheim ungdomshus, Gol

  • Gratis

Kultur- og teaterverkstedet Fyret

Sommerkurs

Håreks Gate 35, 8800 Sandnessjøen, Norway

  • Gratis