Kurs: Turdans i ny drakt
Rilar, rekkedansar og ringdansar i valsetakt er alle typar av turdansar eller sosiale dansar. Mange kjenner godt til dei frå eigen danseerfaring, men for andre kan turdansane vere framande og uvante.
Korleis kan vi få fleire til å slenge seg med i turdansen når musikken lêt over dansegolvet eller i øvingssalen?
- BUL-salen, Søndre gate 22b, Trondheim
- 500 (+ 250,- for ikkje-medlemmar)

Marianne Dahl vil i dette dagskurset inspirere deg til å ta i bruk turdansane på ein ny og inviterande måte. Du vil reise heim med eit utvida turdansrepertoar og metodar for korleis få alle i rommet med i dansen. Kurset passar for deg som har dansa før, men det er ikkje eit krav å ha mykje erfaring med turdanssjangeren.
Om kurshaldaren
Marianne Dahl har brei erfaring som folkedansar og instruktør for både barn, unge og vaksne. Ho har eit særleg engasjement for turdansane og ivrar etter å spreie interesse og nysgjerrigheit for desse.
I 2024 var ho med på å utarbeide eit eige seminar om Klara Semb og turdansar og har sidan også vore med på å utvikle eit dansefestkonsept der ein introduserer turdans i ei litt ny drakt for både nye og erfarne dansarar.

Kurset er ein del av NU-helga i Trondheim og det vil vere mogleg å delta på meir av programmet viss du ønskjer det. Påmelding skjer i same skjema som påmelding til NU-helga.
For spørsmål, ta kontakt med kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehol, rita@ungdomslag.no
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).