Hopp til hovedinnhold

Bli med på NU-helga 2025!Påmeldingen stenger midnatt torsdag 9. oktoberNU-helga 2025

Kurs
  • Folkedans

Instruktørkurs runddansrytmar (folkedans)

Bli med på instruktørkurs i folkedans med fokus på runddansrytmar 8.-9. november 2025 i Steinkjer.

  • Steinkjer barneskole, Sannangata 1, 7713 Steinkjer
  • 500,-/1000,-
Dansarar i ring

Instruktørkurs runddansrytmar (folkedans)

8.-9. november 2025 i Steinkjer under Hilmarfestivalen

Bli med på instruktørkurs i folkedans med fokus på runddansrytmar 8.-9. november 2025 i Steinkjer. Kurset skjer i samarbeid med og parallelt med Hilmarfestivalen og HilmarUng. På kveldstid kan du gå på konsertar og dansefest i regi av Hilmarfestivalen. Alle kursdeltakarar får tilbod om gode prisar på festivalen.

Påmeldingsfrist: torsdag 23. Oktober kl. 23:59.

Om kurset

Runddans er ein sentral dansefamilie innanfor norske dansetradisjonar og på dette instruktørkurset går me inn på rytmaneinnanfordei fire runddansane vals, masurka, polka og masurka. Her vil me gå inn på lokale runddansvariantar der det er naturleg og rundansrytmer sett i samanheng med bygdedans, songdans, turdans og songleikar. Du lærer gjennom dette metodar for å læra bort og leia dans.

Målgruppe

Dette kurset er for deg som vil lære meir om korleis du kan instruere i folkedans med fokus på runddansrytmar. Du bør ha erfaring med dei ulike runddansane.

Om instruktøren

Denne gongen har vi fått med oss dyktige Inga Myhr til å halde kurs. Ho kjem frå Trysil, bur no i Bergen og er ein av fire folkedansarar med bachelor i utøvande folkedans frå NTNU. Ho har vore sentral som instruktør og pedagog i fleire Bygda Dansar-prosjekt og som prosjektmedarbeidar i eitt av fylka der Bygda Dansar har funne stad. Inga har mykje erfaring som instruktør og kurshaldar for ulike aldersgrupper. Ho har eit breitt repertoar og god kjennskap til fleire ulike folkedanssjangrar i tillegg til eit stort engasjement for folkedansen.

Musikar: info kjem.

Praktisk informasjon:

Timeplan (førebels)

Fredag 7. november

  • Konsertar og dansefest på Hilmarfestivalenutover kvelden (valfritt, eigen billett)

Laurdag 8. november

  • 09:30 Kurs
  • 12:00 Lunsj - felles med HilmarUng
  • 13:00-16:30 Kurs
  • 17:00 Middag – felles med HilmarUng (valfritt, eigen billett)
  • Konsertar og dansefest på Hilmarfestivalenutover kvelden (valfritt, eigen billett)

Sundag 9. november

  • 10:00 Kurs
  • 12:30 Lunsj - felles med HilmarUng 
  • 13:30 Kurs
  • 15:00 Takk for no

Kurslokale:

Steinkjer barneskole, Sannangata 1, 7713 Steinkjer.

Måltid skjer på Samfunnshuset (like borti gata) i lag med HilmarUng.

Prisar og betaling:

Kurspris medlem i Noregs Ungdomslag: 500,-

Kurspris ikkje-medlem: 1000,-

Lunsj, kaffi/te og snacks er inkludert i kursprisen.

Billettpris Hilmarfestivalen (eigen pris for kursdeltakarar) velg mellom:

  • Festivalpass: 990,-
  • Dagspass fre/lør: 495,- per dag
  • Dansepass fre/lør: 250,-

Det er mogleg å betale med kort, Vipps eller faktura, både som privatperson eller som lag/bedrift.

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt med solveig@ungdomslag.no (mailto:solveig@ungdomslag.no) før du fullfører påmeldinga.

Reise og mat:

Kvar enkelt organiserer og dekker eiga reise og mat utover lunsj. Det er mogleg å delta på felles middag laurdag og frukostlaurdag og sundagsaman med HilmarUng.

  • Middag laurdag kl. 17:00 med HilmarUng: xxx,-
  • Frukost laurdag/sundag kl. 09:00 med HilmarUng: xxx,-

Vi anbefaler å søke lokal- eller fylkeslag om støtte til å dekke kostnader med kurs, reise og overnatting.

Overnatting:

Har du behov for overnatting ordnar kvar enkelt dette sjølv. Aktuelle overnattingsstader er til dømes:

  • Quality hotel Grand Steinkjer
  • Best Western Tingvold Park Hotel
  • Steinkjer Camping
  • Airbnb

Er du medlem i NU, sjekk medlemskortet ditt for rabattkoder på aktuelle hotell.

Påmelding:

Påmelding til instruktørkurset skjer via Checkin. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 23. oktober kl. 23.59. Dersom kurset skulle få for få påmeldte kan det bli avlyst seinast fredag 24. Oktober.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no (mailto:solveig@ungdomslag.no)

Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Fleire arrangement

Sjå alle
Kurs

Lista Ungdomslag

Onsdagsdans på Nortun

Nordbygdveien 183, 4560 Vanse, Norway

  • Medlem i ungdomslag kr 20,- / Ikke medlem kr 50,-.
Kurs

Folkedanslaget Sølja

Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

Kurs

Folkedanslaget Sølja

Grunnkurs i gammeldans og folkedans

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).