Teaterkurs: produksjon, regi og scenebruk
Korleis skape magi på scenen og hente ut det beste av teatergruppa?
Bli med på kurs med Heljar Berge og reis heim med fleire nye verktøy i kofferten.
- BUL-salen, Søndre gate 22b, Trondheim
- 500 (+ 250,- for ikkje-medlemmar)
Nyttige lenkjer

Påmeldingsfristen er utvida til 8. oktober.
Kurset vil gi deg ny inspirasjon og nye måtar å tenkje produksjon, regi og scenebruk på.
Dette kurset passar for deg som anten er eller vil lære meir om å vere instruktør for amatørteatergrupper, anten det er for barn, ungdom eller vaksne.
Instruktør på kurset er skodespelar, produsent og regissør Heljar Berge. Han har mange års erfaring med å instruere i amatørteaterfeltet og kjenner godt til korleis frivillige teatergrupper fungerer. Heljar er ein energist, nytenkande og kreativ regissør som likar å sjå moglegheitene som finst i å skape eit nytt scenerom.

Kurset er ein del av NU-helga i Trondheim og det vil vere mogleg å delta på meir av programmet viss du ønskjer det. Påmelding skjer i same skjema som påmelding til NU-helga.
For spørsmål, ta kontakt med kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehok, rita@ungdomslag.no
Fleire arrangement
Sjå alleFolkedanslaget Sølja
Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Folkedanslaget Sølja
Grunnkurs i gammeldans og folkedans høsten 2026
Torggata 100, 2317 Hamar, Norway
- Kvar måndag
- Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).