Hopp til hovedinnhold

Temasamling: frivilligdrivne kulturhus

Velkomen til temasamling for frivilligdrivne kulturhus!

  • Bridgehuset, Brattørveita 10, Trondheim
  • 500
Logo Huset i Bygda

Korleis kan vi ta betre vare på huset vårt og skape endå meir aktivitet i det?

Dei organisasjonseigde kulturhusa er meir enn bygg. Dei er møteplassar, kulturarenaer og viktige fellesskap i lokalsamfunna våre. Samtidig veit vi at det kan vere krevjande å få tid, pengar og kompetanse til å strekke til.

Målet med samlinga er å dele erfaringar, få nye idear og finne konkrete løysingar for å både utvikle husa, men òg forenkle drifta.

Kom med spørsmåla, utfordringane og erfaringane frå ditt eige hus og bli med på å gjere dei organisasjonseigde kulturhusa endå sterkare som lokale treffpunkt.

Personar som skrapar husvegg og klargjer for måling.
Dugnad på Folkvang med Fagerlund Ungdomslag.

Søknadsskriving

Korleis skriv vi søknadar som treff?

Huset i Bygda gjev nyttige tips til korleis skrive gode søknadar.

Sparebankstiftinga SMN informerer om temaordningar som er relevante for huseigarar og deler erfaringar og råd om korleis prosjekt kan bli til gode søknadar og kva ein bør tenkje på når ein skal finansiere utvikling av huset.

Ungdomshusa som beredskapslokale

Kva rolle kan ungdomshuset spele når lokalsamfunnet blir sett på prøve?

Straumbrot, ekstremvêr, flaum, skogbrann eller andre hendingar kan raskt skape behov for lokale møteplassar.

Kva bør huset ha oversikt over? Kva med straum, varme, vatn, toalett, kjøkken, tilgang, kommunikasjon og tryggleik? Og korleis kan frivillige lag, kommunen og andre lokale aktørar samarbeide dersom huset må takast i bruk?

Vi ser på kva som skal til for at ungdomshuset eller det lokale forsamlingshuset kan fungere som eit trygt og fleksibelt beredskapslokale, og kva ein kan gjere allereie i dag.

Her deler vi erfaringar og ser på enkle grep som kan gjere huset betre rusta, både for vanleg drift og når det uvanlege skjer.

Tryggleik og universell utforming

Korleis gjer vi ungdomshuset tilgjengeleg for alle?

Universell utforming handlar både om lovkrav og om å skape eit hus der fleire kan delta.  Etablerte og eldre ungdomshus krev ofte kreative og praktiske løysingar rundt tilgjenge, tryggleik og gode løysingar.

Ungdomshuset som samskapande arena

Må styret lage alt sjølv?

Korleis kan vi få medlemmane og lokalsamfunnet til å skape meir aktivitet saman?

Idretten er flinke til å involvere foreldre og medlemmar, ofte gjennom å gje folk konkrete oppgåver og ansvar. Kan ungdomslaga bli flinkare til det same?

Og korleis kan vi få lokalbefolkninga eller andre aktørar til å bruke huset og skape kulturen sjølv, utan at styret alltid må levere det ferdige arrangementet?

Her vert det gruppearbeid, diskusjon og erfaringsdeling.

Ta med deg ideane heim!

Målet med samlinga er at du skal reise heim med konkrete idear, nye kontaktar og kanskje ein ting du kan gjere allereie neste veke.

Velkomen til temasamling med Huset i Bygda!

Fleire arrangement

Sjå alle

Folkedanslaget Sølja

Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Kvar måndag
  • Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.

Basiskurs i leiing og regi

Hammartun barne- og ungdomsskole, Lillehammer

  • 1900 (for medlemmar)