Hopp til hovedinnhold
Arrangement

Meld dykk på Kven Veit? 2024

Påmeldinga for Kven Veit? 2024 er no open. Påmeldingsfrist 9. januar.

Informativt bilde med tekst: Kven Veit? 2024, meld dykk på no. Årets tema: Eurovision. Med bilde av ESC-pokalen i 2023. Informativt bilde med tekst: Kven Veit? 2024, meld dykk på no. Årets tema: Eurovision. Med bilde av ESC-pokalen i 2023.

Kven Veit? er ei nasjonal kunnskapstevling, eller quiz som vi med tida har vorte meir vande med å kalle det. Noregs Ungdomslag har arrangert tevlinga årleg sidan 1963. Her blir allmennkunnskapen testa, i tillegg til at deltakarane skal fordjupe seg i årets tema. Vi lagar temahefte, spørsmål, svarar og skjema til tre rundar med tevling. For kvar tevling får laga tildelt 10 kategoriar med til saman 30 spørmsål. Av desse er 6 spørsmål knytt til tema og ein kan altså lese seg opp på førehand.

Det dei påmelde deltakarane i 2024 skal få gleda av å ta eit djupdykk i er Eurovision. Vi skal ikkje avsløre for mykje av innhaldet i temaheftet no, men vi kan love at det blir fargerikt, glittrande og sprudlande når de no skal få lese dykk opp på verdas største musikkonkurranse.

Viktige datoar:

  • Påmeldingsfrist: 9. januar
  • Fyrste tevlingsrunde: 15. januar - 9. februar. Dette betyr at laga må ha gjennomført tevlingsrunda i denne tidsperioden.
  • Innlevering av svar frå fyrste runde: 9. februar.
  • Andre tevlingsrunde: 12. februar - 8. mars.
  • Innlevering av svar frå andre runde: 8. mars.
  • Tredje og siste tevlingsrunde: 11. mars - 10. april.
  • Innlevering av svar frå tredje tevlingsrunde: 10. april.
  • Landsmøte og kåring av resultata: 19.-21. april, under landsmøte til Noregs Ungdomslag i Oslo.

Resultata fra dei ulike rundene blir publisert omtrent to veker etter at sekretariatet har motteke alle svar fra runda.

Les meir om Kven Veit? her.

Så no er det tid for så samle tevlingslaga og melde dykk på, påmeldingsskjema finn de her.

Kanskje de og kan nytte høve til å børste støv av paljettjakka og invitere til Eurovision-kveld i laget?

Fleire aktualitetar

Sjå alle