Hopp til hovedinnhold

NU-helga 2026•Påmeldingsfrist 8. oktoberLes meir og meld deg på her

NU-helga 2026

Velkomen til NU-helga 16.-18. oktober i Trondheim!

Noregs Ungdomslag inviterer til ei helg for både fylkeslag, folkedansinteresserte og teaterinteresserte. Her finn du praktisk informasjon for deg som skal delta på noko under NU-helga. Informasjon ligg sortert etter når det kjem i programmet.

Informasjonen på denne sida blir oppdatert fortløpande.

Vi gler oss til å dele helga med dykk, med fagleg input, inspriasjon og erfaringsutveksling.

Arrangementsbilete med teksten "NU-helga 2026, 16.-18. oktober | trondheim". I høgre hjørnet er logoen for NU-helga, ei snakkeboble med namn på arragementet i. I midten er det ei svartkvitt-bilete av ein gruppe menneske, tatt i fugleperspektiv. Alle held opp ei maske av Klara Semb foran ansiktet sitt.

Praktisk informasjon for deg som skal delta på NU-helga

NU-helga 2026 er i år arrangert i samarbeid med BUL Nidaros, og arrangementa vil vere i ulike lokale i Trondheim sentrum.

Det er BUL-salen til BUL Nidaros som er samlingspunktet for helga. Kor kvart enkelt arrangement finn stad finn du informasjon om lengre ned.

Overnatting

Om du har tinga overnatting gjennom påmeldinga skal du bu på Thon Hotel Nidaros.

Adresse: Søndre gate 22B, 7010 Torndheim

Du sjekker inn i resepsjonen på vanleg måte. Innsjekk frå kl. 15:00. Utsjekk er seinast kl. 12:00.

Frukost er inkludert. Både laurdag og sundag blir frokosten servert mellom kl. 07:30-11:00.

Hotellet er i same bygg som BUL-salen.

Hotellet ligg 300 meter frå Trondheim S og flybussen stoppar utanfor hotellet.

Måltid

Alle måltid bortsett frå frukosten blir servert i BUL-salen.

Middag fredag: Sodd

Frukost: Hotellfrukost for dei som har tinga hotell.

Lunsj: Brød-mat

Middag laurdag: Viltgryte

Programmet kan du laste ned som PDF her.

Fredag 16. oktober

19:00 - Kulturkveld i BUL-salen

  • Middag
  • Allsong og underhaldning frå BUL Nidaros
  • Mingling og prat

Meny: Sodd.

22:00 - Slutt for kvelden

Laurdag 17. oktober

Laurdagen inneheld kurs, landsrådsmøte og festkveld med blant anna dansefest.

Oppmøte for alt er i BUL-salen kl. 09:45 for avmarsj til dei ulike programpostane.

09:30 - Registrering opnar i BUL-salen

10:00 - Landsrådsmøte og kurs

13:00 - Lunsj

14.00 - Landsrådsmøte og kurs held fram

17:45 - Dørane opnar for festkveld og middag

18:00 - Festkveld med middag, teaterframsyning og dansefest

20:00 - Dansefesten startar

00:00 - Slutt for kvelden

Landsrådsmøte

📍Bridgehuset, Brattørveita 10, Trondheim

Program for landsrådsmøte

Du kan laste ned programmet som PDF her.

10:00 Velkomen med Tone Mjelde, styreleiar

10:15 Workshop demokratisk beredskap

Det er ønskeleg at alle deltakar på førehand les eit notat før denne workshopen, og gjer seg opp nokre tankar rundt spørsmåla i notata.

Last ned notatet her.

12:00 Den store samtalen

12:30 Info frå kontoret

13:00 Lunsj med markeringa av Den internasjonale dagen for immateriell kulturarv

14:00 Fylkeslaget sin time

15:00 Nordlek

  • Om samarbeidet
  • Om å arrangere
  • Om BARNLEK29
  • Anna nordisk samarbeid
  • Korleis arbeider vi vidare med det nordiske samarbeidet

16:30 Ferdig for dagen

Arrangementsbilete med teksten "Landsrådsmøte laurdag 17. oktober kl. 10:00-16:30"". I høgre hjørnet er logoen for NU-helga, ei snakkeboble med namn på arragementet i. I midten er det eit bilete av tre menneske som snakkar i lag.
Arrangementsbilete med teksten ""Dansekurs, turdans i ny drakt, laurdag 17. oktober kl. 10:00-16:30". I høgre hjørnet er logoen for NU-helga, ei snakkeboble med namn på arragementet i. I midten er det eit bilete av ei gruppe som dansar.

Dansekurs: Turdans i ny drakt

📍BUL-salen, Søndre gate 22b, trondheim

Les om kurset her.

Teaterkurs: produksjon, regi og scenebruk

📍Bridgehuset, Brattørveita 10, Trondheim

Les om kurset her.

Arrangementsbilete med teksten "Teaterkurs, laurdag 17. oktober kl. 10:00-17:00". I høgre hjørnet er logoen for NU-helga, ei snakkeboble med namn på arragementet i. I midten er det eit bilete av tre menneske som spelar ut ei teatescene.
Arrangementsbilete med teksten "festkveld med middag, teaterframsyning og dansefest, laurdag 17. oktober kl. 18:00". I høgre hjørnet er logoen for NU-helga, ei snakkeboble med namn på arragementet i. I midten er det eit bilete av mange menneske på eit dansegolv.

Festkveld

med middag, teaterframsyning og dansefest

Dørane opner kl. 17:45 og festkvelden opnar med spelframsyning av ungdomsteatergruppa i BUL Nidaros. Vi ber alle om å vere i BUL-salen til kl. 18:00 sånn at vi får starta i tide.

Etter framsyninga blir det servert viltgryte til middag.

Klokka 20:00 startar dansefesten. Informasjon om dansefesten finn de her.

Det er mogleg å kjøpe billett til kun dansefesten. Billett får du kjøpt her eller i døra.

Har du meldt deg på middagen under NU-helga treng du ikkje kjøpe billett til dansefesten.

Sundag 18. oktober

På sundagen under NU-helga er det tid for nettverksmøte for folkedans, teater, hus og barne- og unge.

Noregs Ungdomslag inviterer til fysiske eller digitale nettverksmøte for sine fagfelt to til tre gongar i året. Nettverksmøta fungerer som råd for sine fagfelt.

08:30 - Dørene opnar

09:00 - Nettverksmøter

12:00 - Lunsj i BUL-salen

13:00 - Vel heim

Arrangementsbilete med teksten "Nettverksmøte folkedans, teater, hus og barne- og unge. Sundag 18. oktober kl. 09:00-12:00".I høgre hjørnet er logoen for NU-helga, ei snakkeboble med namn på arragementet i. I midten er det fire bilete, eit av eit par som dansar, to som speler teater med manus i handa, innsida av eit ungdomshus og to jenter med kvar si fele i handa.

Nettverk for folkedans

📍BUL-salen, Søndre gate 22b, trondheim

Nettverk for teater

📍Bridgehuset, Brattørveita 10, Trondheim

Nettverk for hus

📍 Bridgehuset, Brattørveita 10, Trondheim

Nettverk for barn- og unge

📍 BUL-salen, Søndre gate 22b, trondheim

Kan vi bli betre kjende med kvarandre og hente inspirasjon til korleis legge til rette for involvering av barn og unge i vår aktivitet?

Korleis jobbar dei ulike laga med rekruttering og kan vi dra nytte av andre sine erfaringar?

Sommarleir er Noregs Ungdomslag si største satsing på ungdom og leiren har eit stort potensial til å vekse. Kan nettverket for barn og ungdom bidra i arbeidet med ein rekrutteringsstrategi for Sommarleir?

Nettverksmøtet blir leia av Barne- og ungdomsrådet i NU.