
Hausten er rett rundt hjørnet. Med hausten kjem nye moglegheiter til å møtest, lære og hente inspirasjon. I dette nyheitsbrevet har vi samla informasjon om dei kommande møteplassane i Noregs Ungdomslag, både fysiske og digitale.


Juniorinstruktørkurs
Er du ein ung folkedansinstruktørspire, eller kjenner du nokon som kanskje er det? Då vil dette juniorinstruktørkurset passe bra. Saman med kursets instruktør Audun Grüner-Hegge får dei som deltek både inspirasjon og praktiske verktøy for å kome i gang som instruktør.
Påmeldingsfrist 27. august.
📆 12.- 13. september
📍 Voss

Basiskurs i leiing og regi
Vil du lære meir om teaterarbeid og utvikle deg som regissør? Under Teaterdagene på Lillehammer arrangerer vi, saman med Norsk Amatørteaterforbund, eit basiskurs i leiing og regi med Shwan Wahed.
📆 18.- 20. september
📍 Lillehammer

Rom for kultur - Kulturarenakonferansen 2026
Korleis sikrar vi gode vilkår for kulturaktivitet over heile landet i åra som kjem? Velkomen til to fullstappa dagar med fagleg påfyll og ein relevant møteplass for over 400 personar som er engasjert i at det skal finnast gode rom for kultur over heile landet!
📆 21.- 22. september
📍 Oslo

Sy skjorta de sjølv - eit bunadskurs
Er du under 26 år? Har du lyst til å lære deg å si di eiga bunadsskjorte? Over fire kveldar og ei helg vil bunadtilverkar Barbro Storlien lære deg som deltek korleis du kan sy eige skorte til dame- eller herrebunad.
📆 Oppstart 14. oktober
📍 Oslo

NU-helga 2026
Bli med på ein av årets viktigaste møteplass for tillitsvalde og aktive i Noregs Ungdomslag! Gjennom heile helga blir det ulike kurs, nettverksmøte, landsrådsmøte og kulturopplevingar. Laurdag markerer vi også Den internasjonale dagen for immateriell kulturarv.
Påmeldinga opnar snart. Påmeldingsfrist: 1. oktober.
📆 16.-18. oktober
📍 Trondheim

FolkLeiarUng 26/27
FolkleiarUng er eit prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-25 år. Dette er eit nasjonalt leirarutviklingsprogram sin gir deltakarane kunnskap, nettverk og erfaring gjennom eit heilt år.
Fristen for å søke om plass i prosjektåret 2026/2027 er 27. august.

Pub i ungdomshusa
Fleire av våre lokallag har testa ut ungdomshusa som publokale. Vi har fått med oss at det er stor breidde i kva ein heilt vanleg pubkveld inneheld- nokre stadar møtest ein berre for å mingle, andre stadar byr på tema som brettspel, dart, poker, jegerpub osb. I dette nettmøtet får de inspirasjonsføredrag fra lokallag og i tillegg informasjon om skjenkeløyve for dei av dykk som vil ha meir enn brusbar.
Hordaland UL og Sogn og Fjordane UL ynskjer dykk velkomen til nettmøte!
📆 27. august kl. 20:00
Studieforbundet Kultur og Tradisjon Vestland
Dette vert eit todelt nettmøte der de vil verte meir kjend med Studieforbundet Kultur og Tradisjon (SKT) sine studiestøtter. Liv Skogstad Mikalsen vil fyrst dele informasjon om søknadsportalen og sidan skal de få høyre om deira fine og inkluderande prosjekt, Åpent for alle.
SKT Vestland er arrangør, men møtet er for alle frivillige organisasjonar som er medlem i SKT.
📆 31. august kl. 20:00

Kulturskulepilot - Samarbeid med kulturskulane
Norsk senter for folkemusikk og folkedans vil gjerne høyre frå lokallag og tradisjonsmiljø som kan vere interesserte i å teste ut samarbeid med den lokale kulturskulen om opplæring i folkedans og/eller folkemusikk.
Ta kontakt med Gro Marie Svidal viss ditt lokallag vil melde interesse på e-post: gromarie@folkemusikkogfolkedans.no.
