

Påmeldingsfristen for NU-helga 2026 er utvida til 8. oktober, så om du var ein av de som akkurat ikkje rakk fristen, det er framleis mogleg å få plass.
NU-helga er Noregs Ungdomslag si store samlingshelg, der deltakarar frå heile landet møtest til landsrådsmøte, kurs, fagsamlingar, nettverksmøte og sosiale arrangement. Helga gir rom for fagleg påfyll, inspirasjon og erfaringsutveksling på tvers av fagfelt og lag, samstundes som ho markerer den internasjonale dagen for levande kulturarv.
ℹ️ Les meir og meld deg på her.
Temasamling for deg som driftar eit frivillig eigd kulturhus er diverre avlyst, så det er ikkje mogleg å melde seg på det.

Levande møteplassar over heile landet
Arena for nabolagshus får 4 millionar kroner til å vidareutvikle arbeidet med å styrke lokale møteplassar og samarbeidet mellom aktørane på feltet. Noregs Ungdomslag og SoCentral skal saman stå for den daglege drifta, og målet er å gjere kunnskap, rådgjeving og gode løysningar lettare tilgjengeleg for dei som eig og driv nabolagshus over heile landet.
Kulturbyggstøtte gir firedobbel effekt
Ein ny rapport viser at 15,3 millionar kroner i støtte til ungdomshus, grendahus, og samfunnshus i Sogn og Fjordane gir firedobbel effekt. Erfaringane viser at kombinasjonen av økonomisk støtte og rådgjeving gi sterke resultat, og Noregs Ungdomslag løftar no modellen fram i sitt høyringsinnspel til regjeringa si nye kulturarenastrategi.

Arena for nabolagshus
I haust inviterer Noregs Ungdomslag og SoCentral til to rundar med digitale gruppesparring.
Gruppesparring er ei samling der du kan lufte eigne utfordringar, stille spørsmål og få konkrete råd frå både fagfolk og andre som står i liknande situasjonar.

Tilskotsordningar
📆 27. oktober kl. 17:00-18:30
🔗 Les meir og meld deg på her.
Fyrste runde med gruppesparring har tema tilskotsordningar. Her vil du kunne direkte råd og svar på det du lurar på om tilskotsordningar og søknadsskriving.

Frivilligheit
📆 27. oktober kl. 17:00-18:30
🔗 Les meir og meld deg på her.
Denne runda med gruppesparring ingen lange føredrag, men eit framifrå høve til å få gode råd og svar på det du lurar på.

Som medlem i Noregs Ungdomslag får du ikkje berre tilgang til eit fellesskap av engasjerte folk, du får òg mange konkrete fordelar som rabattar og opplevingar!

Månadens medlemsfordel: Gramo
Avtale som gjer det enklare å bruke innspelt musikk lovleg.
Som lokallag i Noregs Ungdomslag kan laget bruke innspelt musikk fritt, utan ekstra kostnadar. Vi dekker kostnadane for bruk av innspelt musikk, de skapar aktiviteten!

Dette nyheitsbrevet går ut til alle som er registerte tillitsvalte i lokal- og fylkeslag. Om det er informasjon i nyheitsbrevet som er aktuelt for andre, send det gjerne vidare.