Hopp til hovedinnhold
Nyheitsbrev for lokallag

Lagsnytt frå Noregs Ungdomslag 4. september

4. september 2026

September er her. Tida for kjøligare morgonar og mørkare kveldar. Og med hausten kjem kveldane, øvingane, samtalane og alt som skjer når folk møtest.

Det er no vi skal samlast i ungdomshus, med nye møte på dansegolvet, scenekanten og rundt kaffitraktaren. Vi håper de får ein fin haust, uansett kva de gjer. Vidare i dette nyheitsbrevet finn du litt informasjon og inspirasjon, som kanskje kan bidra med å gjere ungdomslagshausten litt lettare.

Søk Frifond no

Har de ein idé de vil setje ut i livet?
Frifond gir ungdomslaga moglegheit til å skape meir aktivitet for barn og unge. Enten de planlegg kurs, arrangement, teaterprosjekt eller ønskjer nytt utstyr, kan Frifond gi eit økonomisk løft til dette.

Søknadsfrist: 30. november

🔗 Les meir og søk her.

Gjesteinstruktør: det er tid for å søke

Vi har no opna opp for søknadar om gjesteinstruktør for kurs våren 2027. Gjesteinstruktørordninga er ei tilskotsordning til lokal- og fylkeslaga i NU, der dei kan søkje om å få besøk av ein profesjonell instruktør til å halde helgekurs innan dans, teater, musikk, organisasjon eller anna.

Søknadsfrist: 1. november

🔗 Les meir og søk her.

Sy skjorta de sjølv: påmeldingsfristen nærmar seg

Bunadtilverkar Barbro Storlien held kurs for ungdom under 26 år i å sy skjorte til dame eller herrebundad. Kurset går over fire kveldar og ei helg, og finn stad i Oslo.

📆 14. oktober - 11. november
📍 Oslo

Påmeldingsfrist: 25. september

🔗 Les meir og meld deg på her.

Hussamling i Vestfold

Har du eit ungdomshus, grendahus, bygdahuseller bedehus du vil gi nytt liv?​
Eller kanskje du berre vil hente inspirasjon, dele erfaringar og møte andre som står på for å halde husa i bygdene levande? Saman med Frilynt Norge inviterar vi til hussamling i Andebu

📍 Solhaug Ungdomslokale, Andebu Ungdomslag
📆 Måndag 12. oktober kl. 18:00

Påmeldingsfrist: 8. oktober

🔗 Les meir og meld deg på her

NU-helga 2026: påmeldinga er no open

Under NU-helga blir det kulturopplevingar, kurs, landsrådsmøte og nettverksmøte for ungdom, hus, teater og folkedans. Laurdag 17.oktober markerer vi den internasjonale dagen for immateriell kulturarv.

📆 16.-18. oktober
📍 Trondheim

Påmeldingsfrist: 1.oktober

🔗 Les meir og meld deg på her

Som medlem i Noregs Ungdomslag får du ikkje berre tilgang til eit fellesskap av engasjerte folk, du får òg mange konkrete fordelar som rabattar og opplevingar!

🔗 Du finn oversikt over alle medlemsfordelane her.

Månadens medlemsfordel: Dansebutikken

Få 10% rabatt i Noregs billegaste nettbutikk for dansesko! Rabatten gjeld på alle varer, også på allereie nedsatte prisar.

Med over 1300 skopar på lager frå 15 ulike leverandørar har Dansebutikken eit breitt utval dansesko å velje mellom.

🔗 Les meir og bruk medlemfordelen her.