Hopp til hovedinnhold

Hussamling i Andebu

Har du eit ungdomshus, grendahus, bygdahuseller bedehus du vil gi nytt liv?​
Eller kanskje du berre vil hente inspirasjon, dele erfaringar og møte andre som står på for å halde husa i bygdene levande?

  • Solhaug Ungdomslokale, Andebu
  • Gratis
Info-bilete om samlinga meint for sosiale media. Informasjonen står og i teksten.

Huset i Bygda, i samarbeid med Frilynt Norge, inviterer til hussamling i Andebu i Vestfold. Me byr på gode samtalar, nyttig kunnskap og inspirasjon til vidare arbeid med huset ditt.​

Stad: Solhaug Ungdomslokale (Andebu Ungdomslag​), Vestre Andebu vei 360, 3158 Andebu
Tid: Måndag 12. oktober kl. 18.00–20.00

Huset i Bygda – no på austlandet!

Huset i Bygda har i snart 20 år vore i drift i Sogn og Fjordane, i tillegg til å ha hatt prosjektperiodar i Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag. No i 2026 starta me opp på austlandet, og etter ei vellukka samling i Hallingdal i juni inviterar me no til ny samling i Vestfold.

På samlinga vil du få informasjon om kva Huset i Bygda er, korleis me jobbar, og kva konkret me kan hjelpe dykk med. I tillegg blir det eit fagleg foredrag om brannvern og korleis du held huset trygt og og sikkert for brukarane.

Dette blir både praktisk, inspirerande og nyttig – og sjølvsagt ein triveleg møteplass for alle som brenn for dei levande husa våre!​

Program

  • Presentasjon av Huset i Bygda – nasjonalt og på austlandet
  • Presentasjon av Solhaug Ungdomslokale
  • Drift av bygg; brannvern
  • Kulturarenastrategi og politisk arbeid
  • Kvifor kartlegge, og korleis hjelpe til?

Vi håpar mange tek turen – dette blir ein unik sjanse til å hente inspirasjon, dele erfaringar og bygge nettverk på tvers av bygdene i Hardanger.

Påmelding

Meld deg på til torbjorn@ungdomslag.no (mob. 95 96 94 75) innan 8. oktober.

Vel møtt til ein triveleg og lærerik kveld på Solhaug!

Fleire arrangement

Sjå alle

Folkedanslaget Sølja

Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus høsten 2026

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Kvar måndag
  • Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.

Voss Ungdomslag

Juniorinstruktørkurs (AVLYST)

Uttrågata 18, 5700 Vossevangen

  • 600