Høyringssvar til Dok8:73 om betre rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg
Noregs Ungdomslag viser til representantforslag om betre rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg, og ønskjer med dette å uttrykkje sterk støtte til forslaga som er fremja.

Organisasjonseigde kulturbygg – grendehus, samfunnshus, ungdomshus, bedehus og liknande – utgjer ein avgjerande del av den kulturelle infrastrukturen i Noreg. Desse bygga er berebjelkar for lokal kulturfrivilligheit, deltaking, inkludering og demokratiske fellesskap, særleg i distrikta. Samstundes er dei i stor grad usynlege i dagens statlege finansierings- og kompensasjonsordningar.
Representantforslaget adresserer reelle, dokumenterte og akutte utfordringar i sektoren, og er eit naudsynt steg for å sikre både kulturpolitisk rettferd, berekraft og levande lokalsamfunn over heile landet.
ORGANISASJONSEIGDE KULTURBYGG ER SAMFUNNSKRITISK INFRASTRUKTUR
I dei om lag 5 500 organisasjonseigde kulturhusa i Noreg blir det kvar veke gjennomført eit stort mangfald av aktivitetar: ungdomsklubbar, øvingar for kor, korps og band, teater og dans, kurs, møteverksemd og sosiale samlingar. Husa er ofte dei einaste tilgjengelege kulturarenaene lokalt, og spelar ei sentral rolle for barn og unge sitt fritidstilbod.
I tillegg fungerer mange av bygga som samlingspunkt i krisesituasjonar, ved straumbrot, ekstremvêr eller andre hendingar der lokalsamfunnet treng tryggleik, informasjon og fellesskap. Dette gjer dei organisasjonseigde kulturhusa til ein del av den sivile beredskapen, sjølv om dette sjeldan er formelt anerkjent i statleg politikk.
HUS BORNE AV FRIVILLIGE, MEN MED EIT ENORMT VEDLIKEHALDSETTERSLEP
Om lag 60 prosent av dei organisasjonseigde kulturbygga er reist mellom 1870 og 1960. Dette inneber store behov for vedlikehald, oppgradering og tilpassing til dagens krav til tryggleik, universell utforming og energieffektivitet. Her viser vi òg til EU sitt bygningsverndirektiv som kan påføre frivillige lag og organisasjonar store kostnadar, om desse ikkje vert kompensert for.
Kartleggingar frå Huset i Bygda viser eit samla vedlikehaldsetterslep på rundt 2–2,3 milliardar kroner. Samstundes legg eigarlaga ned ein enorm dugnadsinnsats: i snitt nær 400 dugnadstimar per hus årleg, med ein samla samfunnsøkonomisk verdi på rundt 700 millionar kroner. Årleg besøkstal på over 10 millionar menneske viser at dette ikkje er marginal verksemd, men brei og folkeleg kulturinfrastruktur.
MANGLANDE MOMSKOMPENSASJON FOR OMBYGGING ER EIT STRUKTURELT HINDER
Dagens meirverdiavgiftskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar omfattar berre vanleg vedlikehald. Nybygg, påbygg og ombygging fell utanfor, sjølv når tiltaka er heilt nødvendige for:
- universell utforming (t.d. toalett)
- brann- og tryggleikstiltak
- energieffektivisering
- tilpassing til faktisk bruk og aktivitet
Dette inneber at frivillige lag må bere store meirutgifter i form av moms, også når tiltaka er pålagde eller sterkt tilrådde av styresmaktene. Resultatet er at naudsynt utvikling blir utsett eller aldri gjennomført.
Vi støttar difor fullt ut forslag 1.
DEN DESENTRALISERTE ORDNINGA FOR KULTURBYGG FUNGERER IKKJE ETTER INTENSJONEN
Den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg er i dag den einaste statlege investeringsordninga som er open for organisasjonseigde kulturhus. Likevel viser tala at ordninga i praksis ikkje når fram til frivillige eigarar:
- I 2023 gjekk berre om lag 16 prosent av midlane til organisasjonseigde bygg
- I fleire fylke har det vore søknadsstopp eller praksis som i realiteten stenger frivillige ute
- Kommunal prioritering fører ofte til at kommunalt eigde bygg blir favoriserte
Dette er ei systematisk skeivfordeling som ikkje samsvarar med verken bruksomfang, samfunnsverdi eller kulturpolitiske mål.
Vi støttar difor forslag 2, og meiner det er heilt naudsynt med:
- ein eigen pott for frivillige lag innanfor ordninga, eller
- andre tydelege grep som sikrar at ein større og meir føreseieleg del av midlane faktisk går til organisasjonseigde kulturbygg.
BEREKRAFT OG KULTURVERN I PRAKSIS
Å ta vare på eksisterande kulturbygg er god klima- og miljøpolitikk. Nesten alle dei organisasjonseigde kulturhusa er eldre bygg som blir haldne i drift gjennom kontinuerleg vedlikehald, gjenbruk og lokal innsats. Dette er berekraft i praksis, ikkje på papiret.
Samtidig er mange av bygga viktige kulturminne og berarar av lokal identitet. Manglande støtte til istandsetjing og oppgradering fører til forfall, tap av kulturarv og i verste fall riving, noko som er både klimamessig og kulturpolitisk uforsvarleg.
AVSLUTNING
Representantforslaget om betre rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg er godt grunngjeve, treffsikkert og naudsynt. Forslaget tek tak i ei langvarig og dokumentert skeivfordeling i offentlege verkemiddel, og er eit viktig steg for å sikre rettferdige og føreseielege rammevilkår for ein sentral del av den frivillige kulturinfrastrukturen som husa gjev rom for gjennom fellesskap, deltaking og demokrati.
For eigarane av desse husa handlar representantforslaget om moglegheita til å halde bygga opne, trygge og i aktiv bruk. Utan betre og meir treffsikre rammevilkår vil mange frivillige eigarlag stå i ein situasjon der naudsynt oppgradering ikkje let seg gjennomføre, med reell fare for forfall eller nedlegging.
Vi oppmodar difor Stortinget til å støtte forslaga fullt ut, og til å sjå organisasjonseigde kulturbygg som det dei faktisk er: kritisk kulturinfrastruktur, bore fram av frivillig innsats, med stor samfunnsverdi for heile landet.
Med helsing
Tone Mjelde
Styreleiar Noregs Ungdomslag
Magni Hjertenes Flyum
Generalsekretær Noregs Ungdomslag
Fleire politiske dokument
Innspel til partiprogram for 2025
Noregs Ungdomslag har sendt innspel til partia sine program for stortingsvalet i 2025.
Høyringssvar til forslag til endring i forskrift for straumstøtteordning for frivillige organisasjonar
Innspelet vart sendt til Kultur og likestillingsdepartementet 18. desember 2023. Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm. E-post: christoffer@ungdomslag.no. Mob. 48 00 48 17.
Innspel til strategi for kulturfrivilligheit
Samla innspel frå Noregs Ungdomslag til ny strategi for frivilligheita. Innspelet vart sendt 31. januar 2023.