Hopp til hovedinnhold

Landsmøte 2026praktisk informasjonLes meir her

Nettmøte
  • Ungdomshus

Digital samling: Igangsetting og vedlikehald av gamle hus

Har de eit ungdomshus som ber preg av tidens tann? Kanskje de sit på store planar, men er usikker på korleis de skal byrje, og korleis de skal finansiere dei?

29. januar kl. 15-17 inviterer vi til ein praktisk og inspirerande samling, der istandsetting og vedlikehald er satt på agendaen. Samlinga er digital, og er heilt gratis!

Biletet viser to menn i arbeidsklær som studerar fasaden på eit hus

Ungdomshusa våre er ofte gamle, og nokre har formel verneverdi. For å sikre at huset varer og fungerar godt over tid, er det avgjerande å forstå bygningens behov og sette i gong riktige tiltak. Vedlikehald handlar ikkje berre om å reparere når noko er øydelagt, men om å forebygge skader og verne om verdiar. På samlinga vil de lære meir om korleis ein kan ta gode, langsiktige val for huset dykkar.

Tema for samlinga:

  • Søknadsmoglegheiter og støtteordningar: Kor finnes pengane og kva skal til for å få dei?
  • Verktøy for tilstand: Lær korleis de kartlegg husets faktiske behov
  • Miljøvennleg vedlikehald: Korleis planlegge og gjennomføre tiltak som er gpde for både huset og klimaet.
  • Erfaringsutveksling: Møt andre som står i dei samme utfordringane som deg.

Påmelding finn de i lenka øvst på sida.

Samlinga er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag og SoCentral. De kan lese meir om dette samarbeidet her.

Fleire arrangement

Sjå alle
Kurs
  • Folkedans

Folkedanslaget Sølja

Grunnkurs i gammeldans og folkedans våren 2026

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Kvar måndag fra
  • Voksne: 400 kr, Ungdom/student: 300 kr for hele kurset - 10 ganger (betales ved frammøte med Vipps eller kontant).
Kurs
  • Folkedans

Folkedanslaget Sølja

Ordinær mandagsøving i Hamar kulturhus vinter/vår 2026

Torggata 100, 2317 Hamar, Norway

  • Kvar måndag fra
  • Medlemskontingent. Åpent for nye dansere.
Kurs
  • Bunad og handverk

Kurs for ungdom: sy stakkeskjorte frå Hallingdal

Kulturvernets Hus, Øvre Slottsgate 2B, Oslo

  • 1500,-. (2000,- for ikkje-medlemmar)