Hopp til hovedinnhold

Nabolagshuset som beredskapsressurs

2026 er Totalforsvarsåret i Noreg, eit år der heile samfunnet er invitert til å styrke beredskapen. Kva rolle kan nabolagshuset ha?

  • Gratis

Nyttige lenkjer

Vaffelsteiking

Kva kan me bidra med når det verkeleg gjeld?

Totalforsvarsåret gir oss ein god grunn til å stille spørsmålet: Kva rolle kan nabolagshuset spele? Nabolagshuset er meir enn ein møteplass i kvardagen. Det kan vere eit ankerpunkt i krisa, ein stad folk kjenner, stoler på og kan vegen til.

Men kva krevst for at husa faktisk kan fylle den rolla?

Kaffikoking

Program

  1. Del 1

    Kvifor det offentlege treng nabolagshus og møteplassar

    Tore Kamfjord, fagdirektør i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

  2. Del 2

    Kva er kommunane på jakt etter, og korleis huset ditt kan kome i posisjon hos kommunen din

    Ronja Wedergärtner, Arctic Mayor's Forum

  3. Del 3

    Korleis UL Samhold brukar grendehusa sine i eit beredskapsprosjekt kring dyrking og lokal matforsyning – og korleis gamal kunnskap frå grendelag har blitt ein styrke i arbeidet

    Kristian Bjørnstad, Ungdomslaget Samhold på Trysil Finnskog

  4. Del 4

    Korleis møteplassane i Raudekrossen allereie bygger beredskap i kvardagen, og korleis du kan sette ord og struktur på det du gjer sjølv

    Jennie Westlund, Raudekrossen i Oslo

  5. Del 5

    Kva treng ditt hus for å gjere litt meir? Korleis kan de kople på kommunane og andre samarbeidspartnarar?

    Digitale grupperom

Fleire arrangement

Sjå alle

Kultur- og teaterverkstedet Fyret

Sommerkurs

Håreks Gate 35, 8800 Sandnessjøen, Norway

  • Gratis