Hopp til hovedinnhold
Nyheitsbrev for lokallag

Lagsnytt frå Noregs Ungdomslag 9. juni

9. juni 2026

Juni har lagt seg som eit lysare lag over dagane, med lengre kveldar, grønare natur og litt meir rom for å la tankane få vandre. I ungdomslaget er det akkurat sånn vi håper det kan vere: ein stad der idear får vekse i sitt eige tempo, der fellesskap gir både energi og retning, og der engasjement får blomstre i smått og stort.

I dette nyheitsbrevet får du mellom anna lese om momskompensasjon, med nettmøte for deg som ønskjer ei god innføring før søknadsfristen 1. juli. Du kan også bli me digitalt kurs i teatersminke, eller tipse aktuelle deltakarar om FolkLeiarUng, som no er lyst ut igjen. I tillegg løfter vi fram fleire arrangement til hausten, frå fagdagar og kurs til NU-helg i Trondheim.

Takk for alt de legg ned av innsats. Saman held vi liv i aktivitetar, møteplassar og tradisjonar som betyr mykje for mange. Vi håpar dette nyheitsbrevet gir deg både inspirasjon, nyttig informasjon og kanskje eit lite puff til nye tankar på vegen vidare.

God lesing, og god sommar i emning! 🌸🌿

Momskompensasjon 2026

Vi har opna for at laga kan søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2025.

Er det fyrste gong du skal sende inn søknad? Då kan vi tilrå deg å delta på eit av nettmøta våre der vi går igjennom steg for steg korleis søke om momskompensasjon:
📆 15.Juni kl. 20:00 | 16. juli kl. 12:00
🔗 Du kan melde deg på nettmøte her.

Søknadsfrist 1. juli.
Les om korleis søke momskompensasjon her.

FolkLeiarUng 2026/2027

Neste runde med FolkLeiarUng er no lyst ut. Søknadsfristen er 27. august.

FolkLeiarUng er eit prosjekt for unge folkedansarar- og musikarar mellom 15 og 25 år. I løpet av to samlingar og rettleiing undervegs får deltakarane inspirasjon og kunnskap om rolla som instruktør. Det er viktig at laget som deltakaren er medlem av er med som støttespelar i prosjektet.

Les meir og søk her.

Frivilligdrivne kulturbygg samla organisasjonar til fagsamling

Frivilligdrivne kulturbygg stod i sentrum då organisasjonar møttes til fagsamling 2. juni. Her vart erfaringar delt, utfodringar løfta og vegen vidare for betre rammevilkår drøfta. Kvifor er desse husa så viktige for lokalsamfunna, og kva skjer no vidare?

Les om samlinga i saka her.

Nettkurs: teatersminke

Bli med på digitalt kurs i teatersminke med spesialeffektsminkør Elisabeth Mainy. Her får du ei innføring i grunnleggande teknikkar for sminke til scene. Kurset er ope for alle som er interessert; er du medlem i NU er det og heilt gratis.

📆 16. juni kl. 18:30-20:30

🔗 Les meir og meld deg på her.

Fagdagane i bunad og folkedrakt

Tid for påfyll og inspirasjon for dei bunadsinteresserte! Årets tema er detaljane som fullfører bunaden: frå sko til tilbehøyr. Her møter du fagfolk og andre med same engasjement. Det pleier å bli fort fult, så meld deg på før det er forseint!

📆 1.- 2. september

📍Fagernes

🔗 Les meir og meld deg på her.

Juniorinstruktørkurs

Er du ung og nyskjerrig på instruktørrolla? På dette instruktørkurset kan du lære korleis du leier og inspirerer barn i dans. Kurset gir både dansereportoar og gode pedagogiske verktøy.

📆 12.- 13. september

📍 Voss

🔗 Les meir her.

Basiskurs i leiing og regi

Bli med på basiskur si leiing og regi under Teaterdagane, med Shwan Wahed. Kurset gir ei praktisk innføring i rolla som instruktør og i arbeidet mot ei framsyning. Teaterdagane blir arrangert av Norsk Amatørteaterforbund, men alle NU-medlemmar får medlemspris på alle kurs. 10% rabatt ved påmleding før 1. juli

📆 18.- 20. septemer

📍Lillehammer

🔗 Les meir og meld deg på her.

NU-helga 2026

Datoen for NU-helga 2026 er klar. Hald av datoen og bli med på ei helg med fagleg påfyll, kurs og gode møte med engasjerte ungdomslagsfolk frå heile landet. Ein arena for nettverk, idéutveksling og fellesskap. Det blir og landsrådsmøte denne helga for alle fylkeslagsleiarane.

📆 16.-18. oktober

📍Trondheim

🔗 Informasjon blir oppdatert her etterkvart.

📆 Dette skjer i 2026 📆

  • 15. og 16. juni: Nettmøte om momskompensasjonsordninga (digitalt)
  • 16. juni: Nettkurs i teatersminke (digitalt)
  • 29.juni-3.juli: Sommarleir (Ulsteinvik)
  • 21.-26.juli: BARNLEK2026 (Raseborg, Finland)
  • 1.-2.september: Fagdagane i bunad og folkedrakt (Fagernes)
  • 18.-20.september: Basiskurs i leiing og regi (Lillehammer)
  • 14.oktober-11.november: Bunadskurs: sy skjorta di sjølv (Oslo)
  • 30.oktober-1.november: FolkLeiarUng-samling

Du finn alltid den nyaste informasjonen om Noregs Ungdomslag sine arrangement på ungdomslag.no.